Galleri Synnøve held til i Karstengarden på Åse, i eitt av dei eldste tuna i området. Galleriet i den ombygde gamle fjøsen, viser ei samling av vakre handvovne kunst- og prydvevnader. Gamle sunnmørske vevtradisjonar, som «sengavev» (bolster) har vore inspirasjonen til tekstiler som sengeteppe, veggteppe, puter, gardiner og løparar. Ei «seng» er eit handvove dynetrekk med bomull renning og tynt ullgarn i innslag. Sengene er vovne med mange ulike dekorteknikkar. Galleriet viser vevnader av ulike slag. Nyvovne kopiar av biletvev frå 1600-talet med mønster henta frå Grosch-mappene, og biletvev med mønster av moderne kunstnarar, som td Kåre Jonsborg. Synnøve Erdal tok tidleg til å veve, med mor som lærar. Seinare vart det 2 år ved Statens kvinnelege industriskole i Oslo, eitt år flatvev og eitt år biletvev, samt spinning og plantegarging. Vevstova i hovudhuset er i aktivt bruk. Her vert det òg arrangert kurs i både flatvev og biletvev. Mindre vevnader for sal, større på bestilling. Demonstrasjon av karding og spinning. Synnøve Erdal har halde vevkurs sidan 1966 og er framleis aktiv, sjølv om yngre krefter har teke over kursverksemda. Ved ønske om kurs, ta kontakt.
Innehaver av Olavsrosa
Adresse
Ålesund, Møre og Romsdal
Bussforbindelse Moa/ Ålesund: Buss nr. 13 eller 18. Følg E136 til Åse, skilt med Kunstgalleri.
Se på kartTelefon
70 14 03 89sesong
- Forhåndsavtale
overnatting
- Overnattingssted
- Romutleie
servering
- Enkel servering
fasiliteter
- Museum, kunstgalleri, utstilling
- Handelssted, utsalg
- Utstilling
- Omvisning
- Aktiviteter