Fyresdal Bygdemuseum ligg i eit fint parkområde i sentrum, med store freda furutre og fleire gravhaugar frå heidensk tid – parken er merka som ein heidensk gravplass. Museet har bygningar og gjenstandar frå mellomalderen og frametter. I andre halvdel av 1800-talet voks det fram ein by i Fyresdal (Folkestadbyen). Øystad er eit originalt tun frå denne perioden. Her finn du og turistinformasjonen i Fyresdal. Til museet høyrer og eit bakeri restaurert i 1920-talsstil. Museet har skattejakt for born.

Kart