Fridtjovstatuen vart laga av den tyske bilethoggar Max Unger og den var til då eit av dei største bronsearbeida i verda. Statuen er 12 meter høg og veg 14 tonn. Sokkelen er 10,5 meter høg. Historia om Fridtjov den frøkne er ein mellomaldersaga. Denne sagaen vart gjendikta av svensken Esaias Tegnér i 1825. Boka vart enormt populær i Skandinavia og Tyskland utover på 1800-tallet.