Fausko Skysstasjon er staden og ramma for den vellukka bedriftsturen, det minnerike 50 års-laget eller det bonde-romantiske bryllupet. Med mange års erfaringar med gruppearrangement kan Fausko tilby løysingar alt frå sjølhushald til full pensjon. Fausko kombinerer historie og tradisjon med moderne konferansefacilitetar og kulinariske opplevingar basert på fjellmat. Fausko er ein annleis møtestad med atmosfære av generasjonars erfaringar som er sette inn i ei ny tid. På Fausko vart det starta hotelldrift og landhandel i 1870 åra, og i lang tid framover var det Skysstasjon for postgang og reisande mellom aust og vest. Dagens verksemd er har vakse fram under nye visjonar og filosofi av dagens eigarar. Heilskap pregar alt som føregår gjennom opplevingar, mat, kultur og historie. 18 rom, 44 sengeplassar. Moderne konferanseanlegg, fellesrom og fire grupperom. Historieforteljing og unike matopplevingar på fem matscener: I Gildehallen med 3- og 5-rettars menyar og italiensk vin. I Hallingstugu med bondekost og kvardagsmat. I Årestugu med lokale matspesialitetar av kjøt, fisk og ost. På Stabburet med rakafisklag av eigenfiska fjellaure. På stølen med tradsjonell stølskost. Fjellbonden, spelemannen og skiløparen Knut Fausko ynskjer velkomen til gards.
Innehaver av Olavsrosa
Adresse
Hemsedal, Viken
Følg RV52 5 km frå Hemsedal sentrum, mot Sogn. Ta av ved Tuv, 250 m retning Grøndalen. Fausko er fyrste gard på høgre hand
Se på kartTelefon
32 05 51 00Epost:
post@fausko.noWebadresse:
Fausko Skysstasjonsesong
- Helårsåpent
- Forhåndsavtale
overnatting
- Overnattingssted
- Romutleie
servering
- Full servering
fasiliteter
- Omvisning
- Aktiviteter
- Kultursti
tilretteleggelse
- Tilrettelagt for funksjonshemmede