Ved Gråvåhøe kan ein finne spor etter gammal reinfangstkultur, bygd opp rundt trekkvegar i eit tidlegare villreinområde. Namnet Gråvåhøe kjem av ordet grav, og fjellområdet rundt er rikt på spor etter gravfangst på rein. Rundt Gråvåhøe finn ein fem ulike fangstanlegg. Talet på graver varierer i dei ulike anlegga. Ved to av gravene ser ein også bågåstelle, som er små murar som bogeskyttarane gøymde seg bak. Fram og attende er fotturen ca 12 km, og ein må rekne 5-8 t. Det er inga oppmerking langs turruta. Kart over området er naudsynt.
Adresse
Lom, Innlandet
Br.g. 61.799955, l.g. 8.789304. Frå Lom: Kjør RV 15 mot Otta, ved Garmo avkjøring mot RV 51, startpunktet for turen er i området ved Brimi Fjellstugu.
Se på kartTelefon
61 21 29 90Webadresse:
Fangstanlegg - Gråvåhøefasiliteter
- Spor fra fortida, fornminne
- Kultursti