Anlegget i Eidsborg har meir ein 30 hus og bygningar. I tillegg til Eidsborg stavkyrkje finn du mellom anna Stålekleivloftet, Noregs eldste profane trebygning. Tømmeret denne vart bygd av vart felt vinteren 1167. I det nye museumsbygget finn du rike utstillingar frå Vest-Telemark si kulturhistoreie og folkekunst. Historia om Tokkeanlegget vert formidla i eiga utstilling, i tillegg til Statkraft sitt eige visingssenter. Vidare historia om den unike brynesteinen; frå tidleg vikingtid eksporterte ein brynestein frå brota i Eidsborg og ut til Europa.

I det nyopna museet finn du kafè, museumsbutikk og flotte utstillingar. I tillegg til museet kan du vitje stavkyrkja og husa på tunet, oppleve ulike tilbod for born og eller gå ein av dei tilrettelagde turvegane med utgangspunkt i museet.

Kart