Bykle gamle kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1619. Kyrkja vart ombygd i 1804. Innvendig er ho rosemåla, opprinneleg var dette gjort av Aslak A. Wasshus og Knut Å. Byklum. Altertavla frå om lag 1650 er tredelt. Preikestolen er i renessansestil frå om lag 1650 med tre maleri. Døypefonten er frå ca. 1600. Kyrkjeklokka er nederlandsk med latinsk inskripsjon: «Er Gud for oss, kven er då imot oss». Klokkaren står midt i kyrkja når han ringer. Først i 1989 fekk Bykle kyrkje orgel, eit pipeorgel med eitt manual og fem stemmer. Dei gamle, sungne salmetonane, med alle sine snirklar levde såleis lenger i Bykle enn dei fleste andre stader. Setesdalsmuseeet guidar i kyrkja i sommaren. Ein kan og bestille guiding andre tider på året. Meir info om dette på www.setesdalsmuseet.no

Kart