Brudavollen vart gjenrydda seint på 1500-talet. Dagens tun er frå tidleg på 1800-talet. Sidan midten av 1950-åra har tunet med bygningar og innbu vore tilgjengeleg for publikum. Den komplette, og for si tid særmerkte tunskipinga som også omfattar ein heller stor hage, gjer tunet til ein særs stemningsfull plass. Nytt publikumshus er i ferd med å gjere Brudavolltunet til eit heilårs tilbod.

Kart