(Alle foto: Skattkammeret Suldal, Lise Bjelland)

Børkjenes Gard ligg idyllisk til i Hamrabø med sine naturskjønne
omgjevnadar og særprega fjellgardsmiljø. Totalt strekk garden seg
frå 280 til 1350 meter over havet frå tunet heilt til fjells, og har totalt
40 hus der 17 av desse ligg til hovudtunet. Dette er mellom anna
hovudhus, kårhus, låven, sauehus, hønehus, stabbur, kvernhus,
tørkehus for korn, taubanehus, kjerrehus med vedlager, eldhus,
smie og sagbruk. Flesteparten av husa er frå 1800-talet, men fleire
hus og historier strekk seg også lengre tilbake i tid.

Byrkjenes Gard tilbyr guida turer, utleie av selskapslokaler og overnatting på stølar og kårhus.


Garden er prega av å ha vore veglaus. I eldre tider var det vegen
over Hylsskardet og ned til handelssenteret i Hylen som var den
viktigaste ferdselsruta. Dette varte fram til 1875 då vegen kom i
Bratlandsdalen og frå Suldalsosen til Sand, og ein starta å nytte
Suldalsvatnet med Dampen. Her sette ein etterkvart også opp ein
taubane frå vatnet, opp dei 200 metera til garden. Først i 1978 blei
det veg langs Suldalsvatnet og opp til Hamrabø.

Kart