Bekkjarvik Gjestgiveri har havet og historia i ryggen og ligg på ei av øyperlene i Austevoll kommune, sør for Bergen. Gjestgiveriet kom til på kongeleg befaling da danske kong Christian Quart på 1500-tallet bestemte at gjestgivarhus skulle byggjast for kvar halve eller heile dagsreise i skipsleia. Bekkjarvik Gjestgiveri vart bygt på slutten av 1600-talet og har tatt i mot losjerande i over tre hundre år. Kjøkkenet spesialiserer seg på delikatessar frå havet. Gjestgiveriet har 13 nyoppussa rom med toalett og dusj. Frå gammal tid har fangst og fiske vore livsgrunnlaget for folket i Austevoll. I Bekkjarvik salta dei sild, eksporterte hummer, laga tusenvis av tønner og notoppheng. Her var sjøhus, bakeri og brenneri. Bekkjarvik Gjestgiveri har i alle år vore eit naturleg midtpunkt i denne frodige travelheita. Bekkjarvik og Gjestgiveriet blomstrar inn i den nye tid. Den gamle tønnefabrikken og butikken er estetisk restaurert. Bygningane er velhaldne og menneska er vennlege. Gjestgiveret tar i mot gjester frå fjern og nær, anten for selskap, rekreasjon, møte og incentive-opplevingar. Det er også eit eige kunstgalleri i lokala til gjestgiveriet. Dette blir leia av Galleri Bekkjarvik.

Kart