Batalden Havbu ligg på øya Store Batalden i skjergarden vest for Florø. Det gamle gards-og fiskebruket er restaurert og sett i stand til reiselivs- og kulturføremål. Store Batalden med fjellet som reiser seg nær 500 m o.h. er i dag eit mykje brukt turmål. I farne tider var det eit viktig seglmerke for sjøfararar. Frå midten av 1700-talet til 1960 skapte det enorme sildefisket periodevis stor aktivitet og utvikling. Det la grunnen for byen Florø, som no er sentrum i storkommunen Flora. Det ga også hovudinntektene til dei to bruka i Store Batalden. Brått blei silda borte, og dermed næringsgrunnlaget. Det eine bruket blei selt ut av slekta og lei overtatt av dagens eigar i 1988. Drivkrafta var kunst, kultur og urørt natur. Etter kvart er det blitt ei ny næring. Gjestene i Batalden Havbu kan oppleve moderne komfort i ei ramme av autentisk atmosfære anten dei er turistar eller deltar på møte eller personaltur. Her er ikkje vegar, så vi kan tilby eit miljø med fred og ro. Du kan bu i Havbua, ei saltebu frå 1850, i Litlebua frå 1820 eller Gamlehuset frå 1840 med Galleri Havbu i kjellaren. Galleriet presenterer kunstnarar frå Vestlandet. Museet i Midtbua skildrar lokal historie gjennom reiskapar, modellbåtar, tekst og bilde.
Innehaver av Olavsrosa
Adresse
Flora, Vestland
Batalden Havbu ligg på øya Store Batalden i skjergarden vest for Florø. Hurtigbåt til eiga kai 5 g dagl. eller taxibåt.
Se på kartTelefon
57 74 54 22Epost:
bataldh@online.noWebadresse:
Batalden Havbusesong
- Forhåndsavtale
- Sesongåpent
overnatting
- Overnattingssted
- Romutleie
servering
- Enkel servering
fasiliteter
- Omvisning
- Sammensatt opplevelse
- Utstilling