Ål stavkyrkje vart bygd sist på 1100-talet, og er rekna som ein av dei mest interessante mellomalderbygningane i Noreg. Kyrkja, som vart riven i 1880, var rikt dekorert, og museet har bevarte plankar som syner fleire typar dekor. Perla i museet er ein kopi av den vidgjetne vestportalen. Det rikt dekorerte kor-taket er no ein del av den faste mellomalderutstillinga ved Historisk Museum i Oslo. Like ved Stavkyrkjemuseet kan ein sjå tomta der stavkyrkja stod, med den tilhøyrande muren.

Kart