Det intime og trivelege Agatunet er eitt av svært få attverande klyngetun i Noreg. Klyngetuna var den norske varianten av den mellom-europeiske landsbyen; alle husa var samla i ei klynge, medan den fruktbare jorda og skogen omkring var inndelt i små teigar. Kvar bonde hadde eigedomsretten til fleire teigar, og dei låg spreidde rundt i området. Eit gjennomtenkt system sørgde for ei rettferdig fordeling av gode og dårlege teigar. Da folketalet voks kraftig på 1800-talet, vart teigar som alt var små, inndelte i enda mindre teigar for å dekkja behovet til nye generasjonar. Denne delinga gjekk til slutt så langt at to bønder kunne eige kvar sin del av eitt epletre! For å få ei meir formålstenleg drift vart systemet med teigblanding oppheva, og eigedomane fekk ei praktisk inndeling gjennom offentleg jordskifte. Snart var også klyngetuna borte ved at husa vart flytta ut på dei «nye» eigedomane. I dag er dei 30 husa som står att på Agatunet freda. Blant dei finn vi den unike Lagmannsstova frå 1250, det einaste bevarte «byhus» av sitt slag i landet. I det gjestfrie tunet finn gjestene kunstutstillingar, brukskunstutsal og ei unik draktsamling. Om sommaren er kaféen open, og kunnskapsrike omvisarar tek deg med på vandring. I sommarsesongen er det konsertar o.l. her.
Innehaver av Olavsrosa
Adresse
Ullensvang herad, Vestland
Aga ligg ved RV550 på vestsida av Sørfjorden, ca 28 km nord for Odda og 17 km frå Utne.
Se på kartTelefon
47 47 99 02Epost:
agatunet@hvm.museum.noWebadresse:
Agatunetsesong
- Sesongåpent
servering
- Enkel servering
- Full servering
fasiliteter
- Handelssted, utsalg
- Kultursti
- Museum, kunstgalleri, utstilling
- Omvisning
- Utstilling