Norsk Kulturarv / Jørn Holme innstilt som ny styreleiar i Norsk Kulturarv

Jørn Holme innstilt som ny styreleiar i Norsk Kulturarv

Del
Stiftelsen Norsk Kulturarvs valgkomité innstiller på valg av tidlegare riksantikvar, Jørn Holme, til å etterfølgje Kirsti Kolle Grøndahl som styreleiar.

Jørn Holme var landets riksantikvar frå 2009 til 2018. Før det var han mellom anna i Økokrim frå 1991 til 2001 som førstestatsadvokat, det siste året som fungerande nestleiar. I 1993 hadde han permisjon og arbeidde som konstituert lagdommar i Eidsivating lagmannsrett (nå Borgarting lagmannsrett), og i 1997 ein periode som assisterande riksantikvar. Frå juni 2001 var han ein kort periode konstituert generaladvokat for forsvaret, før han hausten 2001 vart statssekretær i Justisdepartementet for Odd Einar Dørum i Bondevik II-regjeringa. 2004 til 2009 var han sjef for Politiets sikkerhetstjeneste (PST).

I stillinga som riksantikvar etterfulgte Jørn Holme Nils Marstein, og vart i 2018 etterfulgt av Hanna Geiran da han vart utnemnt til sorenskrivar i Vestfold tingrett. Offentleggjering av styresamansettinga for øvrig, vil bli gjort når dei siste avklaringane er på plass. Seinast i samband med utsending av saksdokument til SNKs Årsmøte.

Stiftelsen Norsk Kulturarvs valgkomité består av Ole Tvete Muriteigen (leiar), Kirsti Indreeide og Erling Lae.

- Kirsti Kolle Grøndahl har lagt ned ein utruleg stor og viktig innsats for Norsk Kulturarv gjennom mange år, og komiteen fekk opplagt ei solid utfordring med å finne etterfølgjar. Derfor er komiteen svært glade for å innstille Jørn Holme, seier Muriteigen. - Jørn kjenner vi som svært engasjert og kunnskapsrik frå så mange samanhengar, så vi er sikre på dette blir ei god løysing for den viktige organisasjonen Norsk Kulturarv framover, uttrykkjer valgkomiteens leiar.

Publisert 
Fredag, 9 April, 2021
Les også 

Mangeårige styremedlemmer, Bjørn Ølander og Kirsti Kolle Grøndahl fekk Stiftelsen Norsk Kulturarvs heidermerkje, gullnåla, for mangeårig innsats i organisasjonen under styreseminaret på Granavolden 14. og 15. oktober.
Norsk Kulturarvs ærespris 2021 er tildelt Jens Peter Ringstad for alt han har gjort for kulturminnevernet i Norge generelt og Møre og Romsdal spesielt. Dette ble klart under stiftelsens styreseminar på Granavolden torsdag 14. oktober.
Direktør i Norsk Kulturarv, Erik Lillebråten er innstilt som styremedlem i Schübelers nettverk av gamle norske prestegårdshager og andre hager med kulturhistorisk verdi. (Foto: Skjermdump Nrk Innlandet)
ˮKlimakampen er éin av dei viktigaste kampane vi har framfor oss. Frykta for at alt levande står på spel, er ei rar kjensleˮ, seier kunstnar Sebastian Makonnen Kjølaas. (Foto: Martin Johansen)