Norsk Kulturarv / Gargoyle som snappar CO2

Gargoyle som snappar CO2

Del
ˮKlimakampen er éin av dei viktigaste kampane vi har framfor oss. Frykta for at alt levande står på spel, er ei rar kjensleˮ, seier kunstnar Sebastian Makonnen Kjølaas. (Foto: Martin Johansen)

Av Ove Kirkestuen

Eit over fem meter høgt og tolv tonn tungt monument er Kjølaas sitt bidrag i denne kampen. Nærare sagt ein gargoyle som snappar CO2. Gargouille som på fransk betyr strupe eller svelg, er kjend som dekorerte vassrenner forma som mytiske og groteske skapningar på gotiske katedralar. Ved å leie vatn vekk frå fasadar har gargoylane ein beskyttande funksjon. Kjølaas sin skulptur skal i staden svelge karbondioksid i kampen mot klimaendringane.


Forkoling vart brukt for å beskytte overflata mot sopp og andre skadelege organismar.
Her til lands har denne teknikken vore mykje brukt på kaikonstruksjonar.

Etter ein keramisk modell av kunstnaren har handverkarar ved Hjerleid på Dovre forma det storslegne og forkola kunstverket i eik. Ansvarleg for arbeidet har vore Njål Andreassen i bedrifta Kvass AS.

Gargoylen er ein del av Norsk Skulpturtriennale 2021 frå 27. august til 24. oktober.

Utstillinga i Tøyenparken i hovudstaden er i regi av Norsk Billedhoggerforening som feirar 75-årsjubileum dette året.

EIT SCHIZOFRENT FORSØK

Monumentet til Kjølaas viser ein sitjande skapning med fire menneskeliknande armar, eit kuleforma hovud og ein bakkropp bøygd inn over seg sjølv. Eit bilde på at vi kan sluke utsleppa våre ved hjelp av karbonfangst. Posituren kan ein også knyte til det latinske ordtaket incurvatus in se som ofte er brukt til å skildre mennesket som grunnleggjande sjølvoppteke. Ein skapning som søkjer seg sjølv i alle ting.

ˮ Norge si store satsing på fangst og lagring av CO2 var utgangspunktet. Eit prosjekt som blottlegg Norge sitt schizofrene forsøk på å sjonglere dobbeltrolla som olje- og miljønasjon. Usjølvisk klimapolitikk på den eine sida og kynisk marknadskapitalisme på den andre ˮ seier Kjølaas.


Njål Andreassen måtte ty til grov reiskap.

Kunstnaren meiner at når vi skal bruke milliardar på lagring av karbon under havet, viser det vårt forvrengte forhold til naturen. 

ˮ Ved hjelp av ny teknologi prøver vi å få kontroll på eit kretsløp som er avgjerande for livet på jorda. Om det vil fungere, veit vi ikkje ennå. Skremmande ˮ seier Kjølaas.

KULTUR OG NATUR

Han meiner det er fleire utfordringar når ein skal lage kunst om klimakrisa. Mellom anna fordi kultur har vorte sett på som motstykke til naturen. Kultur er laga av oss for oss, og vi lagar den som regel av natur.  

ˮ Det er difor eit paradoks å produsere kunst for å peike på at vi treng meir natur. Likevel er det viktig å snakke om miljø og klima på andre måtar enn den polititiske og vitskaplege. At ein kan belyse viktige sider av miljødebatten gjennom kunsten. Eg hadde ikkje laga monumentet om eg ikkje hadde hatt trua. Passivitet er i alle fall ikkje svaret på våre framtidige utfordringar ˮ seier Kjølaas.

KUNST OG HANDVERK

Men eit monumentalt kunstverk som dette er vanskeleg å tenkje seg utan gode handverkarar på laget. Sidan Njål Andreassen hadde ansvaret for skulpturen til minne om filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) for tre år sidan, visste Kjølaas kven han ville bruke også denne gongen. Eit samarbeid Kjølaas ikkje kan få fullrost.

ˮ Eit team som samarbeider godt, er heilt nødvendig når ein skal lage monument med denne storleiken. Det har vore ein fryd å arbeide med Njål og dei andre på Hjerleid. Eg meiner bestemt at Dovre har dei beste treskjerarane i landet og Njål er den beste av dei beste. Tre gjev dessutan eit unikt uttrykk. Eg håper difor at vi kan samarbeide også i framtida ˮ seier Sebastian Makonnen Kjølaas.

Publisert 
Tirsdag, 7 september, 2021
Les også 

Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap) ble utnevnt som statssekretær i Klima-og miljødepartementet etter regjeringsskiftet nå i høst. Allerede førstkommende fredag varsles det at hun vil besøke Kulturminnefondet på Røros. (Foto: Bernt Sønvisen)
Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap) ble utnevnt som statssekretær i Klima-og miljødepartementet etter regjeringsskiftet nå i høst. Allerede førstkommende fredag varsles det at hun vil besøke Kulturminnefondet på Røros. (Foto: Bernt Sønvisen)
Mangeårige styremedlemmer, Bjørn Ølander og Kirsti Kolle Grøndahl fekk Stiftelsen Norsk Kulturarvs heidermerkje, gullnåla, for mangeårig innsats i organisasjonen under styreseminaret på Granavolden 14. og 15. oktober.
Norsk Kulturarvs ærespris 2021 er tildelt Jens Peter Ringstad for alt han har gjort for kulturminnevernet i Norge generelt og Møre og Romsdal spesielt. Dette ble klart under stiftelsens styreseminar på Granavolden torsdag 14. oktober.