Stiftelsen Norsk Kulturarv søkjer prosjektmedarbeider i til arbeidet med Norsk Smaksskule i samband med at prosjektleiar skal ut i foreldrepermisjon.

Stiftelsen Norsk Kulturarv er ein friviljug, ideell stiftelse som arbeidar med praktiske tiltak knytt til kulturarven under visjonen «vern gjennom bruk».  Norsk Kulturarv står også bak Norsk Smaksskule som er eit matkulturprosjekt som skal formidle mat- og matkultur til barn og unge over heile landet.

Norsk Smaksskule vart etablert i 2012 av Norsk Kulturarv og driv med målretta tiltak for å auke kunnskapen og vissheita om norsk matkultur – med særskilt fokus på smak, sensorikk, mat- og måltidsglede.

I samband med avvikling av foreldrepermisjon søkjer Norsk Smaksskule no ein prosjektmedarbeidar i 50% stilling 1. april-1. november. Stillinga vil fyrst og fremst ha ansvar for å drive fram «Barnas matfat i Innlandet» som er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Smaksskule og Stiftelsen Lillehammer Museum v/ Maihaugen.

Vi er fleksible mtp kor vedkommande bur, men det er ein fordel om vedkommande bur i Innlandet. Det er tilgang på kontor i Norsk Kulturarvs lokaler i Ullinsvin i Vågå.

Barnas Matfat i Innlandet

Norsk Smaksskule har i samarbeid med Stiftelsen Lillehammer Museum ved Maihaugen fått en million kroner til prosjektet «Barnas matfat i Innlandet» fra Sparebankstiftelsen DNB. Bakgrunnen for prosjektet er at Maihaugen skal ha den nordiske utstillinga «MAT – mer enn et måltid» 2022/2023. Maihaugen og Norsk Smaksskule skal lage et matprosjekt rettet mot barn og unge fra vinteren 2021/22 til nyttår 2022/23 hvor de, sammen med barn og unge i 9. klassene i Innlandet, dokumenterer lokale og regionale matretter og setter fokus på regionale særpreg og likheter. Les meir om prosjektet her.

Arbeidsoppgåver:

  • Prosjektledelse i prosjektleiars fråvær
  • Setja opp og gjennomføre matkurs
  • Ta imot påmeldingar etc
  • Setja opp kokkebesøk på skular
  • Budsjettansvar
  • Arrangere matdelen av sommarskulen på Maihaugen
  • Gjennomføre konkurransar blant 9. klassingane i Innlandet, velja ut og setja opp barnas matutstilling på Maihaugen
  • Kokkekamp blant 9. klassingane i Innlandet
  • Arrangere barnas festmåltid på maihaugen med vinnare av kokkekamp
  • Andre forefallande oppgåver

Kvalifikasjonar:

  • Sjølvgåande
  • Strukturert
  • Initiativrik
  • Løysingsorientert
  • Dyktig til å formidle
  • Gode samarbeidsevner

For meir informasjon, ta kontakt med 

Erik Lillebråten
T: 909 71 257
E: erik@kulturarv.no

Tor Valdvik
T: 951 76 019
E: tor@kulturarv.no

Søknad sendast til både erik@kulturarv.no og tor@kulturarv.no

Søknadsfrist fredag 18. februar.