
Vågåsommaren 1894 har vorte eit slagord i norsk kunst. I år blomstrar den som aldri før... .(Så mange som det gjekk an å sleppe inn da Vågåsommaren 2020 i Galleri Ullinsvin vart opna laurdag 20. juni. Utstillinga varar til og med 30. august. Foto: Ketil Sandviken.)
Av Ketil Sandviken'
For 126 år sia var det bygdas eigen Kristen Holbø som i spissen for ni andre høgt verdsette kunstmålarar brukte sommaren i Ottadalen til å skape fine kunstverk. I sommar er det den nye riddaren på Sandbu, Kjell Erik Killi-Olsen, som har fått med seg nestor Håkon Bleken
(91) og 19 andre knytt opp mot K-U-K, Kjøpmannsgata Ung Kunst, i Trondheim til det nye galleriet i Ullinsvin. Ja, det er så mange verk at fjøs og låve også måtte takast i bruk.

I tillegg har fotoparet Orsolya og Erlend Haarberg, som etter mange år på fotojakt rundt om i verda har funne si base i Vågå, ei fantastisk utstilling av 60 fotografi i låven, Laponia – Storslaget stillhet, og Island – Kontrastenes land.
Gudbrandsdalsmusea har krigshistorisk utstilling i den gamle hovudbygningen – for ikkje å gløyme den historiske prestegardshagen i all sin prakt.
Torsdagar og fredagar blir det musikk i tunet, fredagar kulturhistoriske rusleturar med omvisar, laurdag husflid og handverk og Munch-vandring med høyrespelet «Oldemors portrett» kan alle som ein få med seg under ein lyddusj på vandring frå Vågåmo sentrum til bygdatunet Jutulheimen.
Det er sanneleg mykje å sjå og oppleva i Ullinsvin denne sommaren.