Årsmøtet til Norsk Kulturarv vedtok ei uttale om eigedomsskatt på kulturminner i Norge. Uttala er oversendt alle politiske parti i Norge.

Eigarane av freda og verneverdige kulturminne tek på seg eit stort ansvar på vegne av og oppdrag frå fellesskapet. Riksantikvaren har i mange år oppmoda kommunar i heile landet til å ikkje eigedomsskattleggje freda hus. Det er imidlertid ikkje forankra i noko lovverk. Såkalla verneverdige bygningar, utan formelle vernevedtak hamnar ofte i ei gråsone i desse debattane. Det blir opplevd som urettferdig at alder på huset blir lagt til grunn, då alder på huset ikkje naudsynt vis er nokor god rettesnor.

I delar av Nord-Norge representerer gjenreisningshusa etter krigen ein viktig del av vår nasjonale historie. I innlandet kan vi finne laftahus datert mange hundre år attende, medan ein langs kysten har færre så gamle hus av naturlege, klimatiske årsaker.
Norsk Kulturarv har ikkje noko meining om det generelle eigedomsskattnivået i Norge, men vi finn det rimleg at eigarar av freda og verneverdige kulturminne får lette i eigedomsskatten.

Norsk Kulturarv registrerer at regjeringserklæringa til Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre slår fast at partia ønskjer å styrkje kulturminnevernet i kommunane og fylkeskommunane. På vegne av eigarar av freda og verna kulturminne i Norge, ber vi derfor om at eigedomsskattlegging av freda og verneverdige hus blir lagt om. 

Framlegg:
1.
 Alle freda kulturminne må automatisk få fritak for eigedomsskatt.
2. Kulturminne som blir vurderte til å ha ein slik verneverdi at dei blir trekte inn i kommunen sin kulturminneplan, blir friteke frå krav om eigedomsskatt.

Les også

Kulturarven nr.95

Kulturarven nr.95 vil komme i postkassen til våre medlemmer i første halvdel av juni. Her er det mye fint lesestoff. Det er bare å glede seg.

Norsk Kulturarv`s årsmøte 2023 digitalt

Har du lyst til å delta på årsmøtet vårt digitalt i år? Da har du mulighet til å delta via Teams. Årsmøtet er onsdag 14.juni kl 18.00. Det fysiske møtet er i Risør. For å melde deg på så sender...

Utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård

Onsdag denne veka var det endeleg klart for utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård. På grunn av pandemien har dette vore utsett lenge. Nestleder i Norsk Kulturarv`s styre, Randi Bårtvedt delte ut kvalitetsmerket til dem. Det var storslått feiring og et...