
Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2024 vart tildelt Verdensarvbøndene i Undredal for det framifrå arbeidet dei gjer for å ta vare på verdiane i landbrukets kulturlandskap i verdensarvbygda Undredal. Prismottakarane er garden Vetlereina v/ Bernat Alarcon Underdal og Maria Alarcon Underdal, Reina gard v/Atle Underdal Borlaug og Anna Elise Borlaug, Nigarden v/Trude Høiby Underdal og Tormod Underdal, Turi-Per-garden v/ Erna Underdal og Sigbjørn Skarsbø, Hjellum gard v/ Nils Hjellum og Hjødlo gard v/ Jannicke Hjellum (Foto: Norsk Kulturarv)
Prisen, eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl samt 50 000,- kroner bevilga av Landbruks- og matdepartementet, vart utdelt i Undredal tysdag 27. august. Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Wenche Westberg, stod for utdelinga til dei glade, stolte og verdige vinnarane av årets pris.
– Endeleg kom turen til Undredal ! Det er ei stor glede for meg å få dele ut Den nasjonale Kulturlandskapsprisen for 2024. Å drive landbruk i eit verdensarvområde som her i Vestnorsk fjordlandskap, krev særskilde hensyn. Jordbruksarealet blir drive tett på eit særprega bygningsmiljø, med Norges minste stavkyrkje, og i eit krevande brattlendt landskap ved Aurlandsfjorden djupt inne i Sogn, sa statssekretær Wenche Westberg.
Omsyn til det særmerkte kulturmiljøet og det biologiske mangfaldet stiller strenge krav til alle slags tiltak i bygda. Sjølv om jordbruksareala er brattlendte, særs arbeidskrevjande og oppstykka i småteigar vert det drive aktivt landbruk med hovudvekt på geit og ysting. Ansvaret som følgjer med å drive gardsdrift midt i ei godt besøkt bygd som dette, og til og med tett på stavkyrkja, er stort, og dette ansvaret vert teke på alvor av dei som driv gardane. Dei fem bruka i bygda Undredal vann i 2023 Kulturlandskapsprisen for Vestland.
– De som er Verdensarvbøndene i Undredal gjer eit arbeid som er særleg verdifullt både fordi de produserar mat, og fordi de skjøttar store verdiar i landskapet. Ved utdeling av Den nasjonale Kulturlandskapsprisen for 2024 blir dette påskjønna, understreka Westberg.
Verdsarvbøndene i Undredal har klart å vidareføre tradisjonen med ysting på tradisjonelt vis. Bøndene sjølv uttrykker at stølsdrift er økologi i praksis, og at dette byggjer på eit unikt samspel mellom naturen, menneska og dyra. Stølsdrifta og landbruket elles i bygda er moderne, men varetek samstundes landskap og tradisjonar. Undredal er ei sentral bygd i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden med sin kultur og natur. Landbruket og geitehaldet er med på å danne det særskilde preget som bygda har. Kulturlandskapet er ein viktig del av identiteten til bygda med aktive bønder og bratte jorde som blir både slått og beita.
Norsk Kulturarv har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen og samarbeider med Landbruks- og matdepartementet om utvelgelsen kvart år. Statsforvaltarane, bondeorganisasjonane og andre er forslagsstillarar til kandidatar til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.
Kandidtatane blir vurderte etter følgjande kriterier:
- Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
- Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
- Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
- Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
- Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
- Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
- Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
- Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
- Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping
Hensikten med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å –
- Bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhald til kulturlandskapsverdiar
- Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet
- Bevisstgjera miljøverdiane i kulturlandskapet
- Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel
Prisen er tidlegare tildelt:
- 2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho
- 2008 – Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland
- 2009 – Nordherad-prosjektet i Vågå kommune, Oppland
- 2010 – Vegaøyans Venner
- 2011 – Maridalens Venner
- 2012 – Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Ringsaker
- 2013 – Hauan Gard, Re kommune
- 2014 – Storfjordens Venner, Møre og Romsdal
- 2015 – Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark
- 2016 – Ikkje utdelt pris
- 2017 – Bøndene på Kvitsøy
- 2018 – Torhild Langklopp og Roar Svenning – Troningen gård på Stokkøya i 2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho
- 2019 – Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten, Nordland
- 2020 – Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap, Porsanger, Finnmark
- 2021 – Reinert Kjølleberg, Vanse i Agder
- 2022 – Nettverket Stange Vestbygd, Innlandet
- 2023 – Skjolden beitelag, Vestland
Jury for årets pris er:
- Landbruks- og matminister Geir Pollestad – Juryleiar
- Bjørn Gimming, leiar i Norges Bondelag
- Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag
- Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
- Hanna Geiran, riksantikvar
- Jørn Holme, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv