
Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2023 er i dag 23.08.2023 tildelt Skjolden beitelag for deira arbeid og engasjement for kulturlandskapet i Mørkridsdalen.Mørkridsdalen landskapsvernområde (LVO) vart oppretta 7. august 2009 samstundes med Breheimen nasjonalpark. LVO grensar til nasjonalparken, og er ein viktig innfallsport til denne. I Mørkridsdalen er det mange godt vedlikehaldne stølar, og framleis går det beitedyr i det gamle kulturlandskapet trass i trugsmål frå rovdyr. (Foto Liv Byrkjeland)
Beitelaget har arbeidd med restaurering av den gamle bufarvegen som både er eit viktig kulturminne og ein viktig veg inn i området som gjer beiting mogleg. Det er òg sett opp fleire bruer over elvene i området, ofte etter flaumskade. Det blir jobba med kulturmarks-skjøtsel med slått, beiting og istandsetting av kulturminne i form av bufarvegar, stølar, og biologiske kulturminne slik som dei såkalla «styvingstrea». Medlemmene i beitelaget er meir opptekne av å ta vare på stølane og kulturminna nå enn før vernet. Dette gjer stølane meir tilgjengelege for folk. I lag med verneområdeforvaltninga og SNO har beitelaget jobba med formidling og samarbeid med skule og barnehage. Dette har gjort at Mørkridsdalen lokalt er kome på agendaen, og at det er bygd meir kunnskap og stoltheit om området. Beitelaget består av 12 medlemmar som driv aktivt landbruk med beitedyr. Bygingstypane i Mørkridsdalen er tett knytte til kulturlandskapet. Dette er utløer til lagring av fôr frå slåttemarkene i området, og stølar knytt til frodige stølsvollar.
I nominasjonen blir det av verneområdeforvaltninga trekt særskilt fram den positive kulturen, og det gode samarbeidet mellom beitelaget og forvaltninga. Dette medvarkar til gode resultat i kulturlandskapet, i tillegg til næringsutvikling og verdiskaping som kjem bøndene til gode.
Norsk Kulturarv har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen og samarbeider med Landbruks- og matdepartementet om utvelgelsen kvart år. Statsforvaltarane, bondeorganisasjonane og andre er forslagsstillarar til kandidatar til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.
Kandidtatane blir vurderte etter følgjande kriterier:
- Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
- Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
- Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
- Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
- Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
- Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
- Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
- Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
- Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping
Hensikten med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å –
- Bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhald til kulturlandskapsverdiar
- Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet
- Bevisstgjera miljøverdiane i kulturlandskapet
- Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel
Prisen er tidlegare tildelt:
- 2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho
- 2008 – Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland
- 2009 – Nordherad-prosjektet i Vågå kommune, Oppland
- 2010 – Vegaøyans Venner
- 2011 – Maridalens Venner
- 2012 – Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Ringsaker
- 2013 – Hauan Gard, Re kommune
- 2014 – Storfjordens Venner, Møre og Romsdal
- 2015 – Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark
- 2016 – Ikkje utdelt pris
- 2017 – Bøndene på Kvitsøy
- 2018 – Torhild Langklopp og Roar Svenning – Troningen gård på Stokkøya i
Åfjord kommune, Trøndelag
- 2019 – Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten, Nordland
- 2020 – Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap,
Porsanger i Finnmark
- 2021 – Reinert Kjølleberg, Vanse i Agder
- 2022 – Nettverket Stange Vestbygd, Innlandet
Jury for årets pris er:
- Landbruks- og matminister Sandra Borch – Juryleiar
- Bjørn Gimming, leiar i Norges Bondelag
- Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag
- Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
- Hanna Geiran, riksantikvar
- Jørn Holme, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv
Prisen vil bestå i eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl samt 50 000,- kroner bevilga av Landbruks- og matdepartementet.