Byutvikling med særskilt søkelys på tettbygde trehusmiljø var emnet for årsmøteseminaret i Norsk Kulturarv. Møtet var på Backlund, hotellet som skriv si historie heilt attende til 1839.

LEVANGER: Temaet gav seg nesten sjølv, i og med at møtet var i Levanger, som i 2013 fekk Olavsrosa for trehusbyen – der planar om riving og sanering vart til restaurering og fredingsprosess. Styreleiar Kirsti Kolle Grøndahl sa under si helsing i starten av seminaret at Levanger har «vern gjennom bruk»-tanken som eit sentralt element, i respektfull kombinasjon mellom gammalt og nytt.

Varaordførar Hans Heieraas ønskte velkomen til Levanger, og drog eit tverrsnitt av kommunen gjennom historie og nåtid. Levanger har isfri hamn, og har frå tidlege tider vore ein møtestad, bl.a. med svenske fjellbønder, som kom for å handle med fiskebøndene her. Kommunen er ein viktig kornprodusent, og er stor både når det gjeld svinehald og mjølkeproduksjon. Industrien er dominert av Norske Skog. Levanger er vertskommune for Høgskolen i Nord-Trøndelag og Sykehuset Levanger. Middelalderkyrkja Alstadhaug og ruinane etter Munkeby kloster er blant kulturminna i kommunen, saman med bl.a. helleristingar, bygdeborger og gravhaugar.

Fredingsprosessen

Prosjektleiar for trehusbyen Levanger, Hilde Røstad, gjorde greie for fredingsprosessen. Byplanen og det samanhengjande trehusmiljøet er bakgrunnen for fredinga. Oppfatninga både blant politikarar og folk flest var todelt heilt i starten, der «riv skiten» var mottoet for den eine delen, medan den andre var prega av eldsjeltankar rundt bevaring og vern av det gamle trehusmiljøet. Riksantikvaren kunngjorde 10. desember 2008 vedtak om midlertidig freding av om lag hundre hus – eit vedtak som nærmast var sjokkarta i det lokale miljøet. Vedtaket vart påklaga alt før jul, men klaga vart sterkt moderert rett over nyttår. I 2011 starta fredingsarbeidet for alvor. I denne prosessen har samarbeidet med alle instansar frå riksantikvar til innbyggjarar flest, handverkarar og lokalt næringsliv stått sentralt, sa Hilde Røstad.

Byar brenn

Mellom 1870 og 1923 er det registrert over 40 bybrannar i Norge, og byar vil garantert brenne heretter også, sa seksjonssjef Harald Ibenholt frå Riksantikvaren. Han hadde eit tankevekkjande foredrag om brannfare og brannvern i tette trehusmiljø. Etter den enorme brannen i Ålesund i 1904 kom murtvanglova – etter at trehusbyen Levanger var eit faktum. I dag finst 180 verneverdige tette trehusmiljø her i landet, som representerer store utfordringar også med tanke på brannfare. – Brannsikringsplan, innsatsplan, oppdaging med direkte varsling, enkelt og robust sløkkeutstyr, sprinkling, vasståke, brannhinder og rask innsats er viktige stikkord i brannvernet, sa Ibenholt.

Direktoratet for brannsikkerhet og beredskap og Riksantikvaren er i ferd med å utarbeide ein handlingsplan for brannsikring av kulturminne, og Ibenholt opplyste at Riksantikvaren disponerte 8 mill. i fjor og 12 mill. i år til slike planar for tette trehusmiljø. Over halvparten av aktuelle bygningsmiljø manglar brannsikringsplanar og trygt søppelsystem. 75 % manglar områdedeteksjon (automatisk oppdaging av brann), 80 % manglar sløkkepostar. Eit tankekors er det også at halvparten av dei aktuelle områda ikkje har forbod mot fyrverkeri. Ibenholt peikte også på at mange kommunar er passive når det gjeld å søkje Riksantikvaren om tilskot til brannsikring.

Inergen

Tor Eystein Hovda frå Fire Eater Norge presenterte brannsløkkingssystemet Inergen, som kort sagt går ut på å «bombe» branntilløp med sløkkjeluft. Vesentlege poeng med dette systemet er rask utløysing og sløkking utan bruk av vatn. Elles krev systemet lite synlege installasjonar, til forskjell frå f.eks. sprinklingsanlegg. Dette vil vera ein særleg fordel i verneverdige bygg. Systemet bør interesse alle som arbeider med brannvern, og vil ganske sikkert bli omfatta med interesse framover. Under diskusjonen rundt Inergen vart det retta søkelys bl.a. på utfordringane med utvendig sløkking og krav til tette og avgrensa rom for at systemet skal fungere godt.

Husa stø’ seg på kvarandre…

– No’ ha’ vara lenge, og ska’ vara vidar’ – koss gjer vi det? spurte Berit Bakosgjelten frå Bygningsvernsenteret på Røros i sitt seminarforedrag. Bygningsvernsenteret bruker lokalmiljøet som læringsarena – og dei har nok å ta av, med verdsarv rundt alle vegger. Den gamle delen av Røros er lite endra gjennom tidene, men har dess meir vore objekt for «omsorg» og fredingsprosessar. I særstilling står eldsjela Sverre Ødegaard (1947–2002), som studerte og gjenskapte det gamle rørosmiljøet både gjennom teikningar og tre-dimensjonale modellar.

Med utgangspunkt i Antikvarisk Verksted ved Rørosmuseet har Bygningsvernsenteret stått sentralt i uthusprosjektet, som gjennom tjue år har medverka til at over 400 uthus er restaurerte, og som i år får Europa Nostra-pris. – For å gjenskape må du forstå, sa Bakosgjelten, og peikte på næmingordninga og samarbeidet med bl.a. NTNU for også å gje handverksutdanninga ein akademisk dimensjon. Å gjenvinne tapt kunnskap betyr å løfte det samla handverkarmiljøet. Samarbeid og kontakt handverkarar imellom har vore ein viktig premiss for vernearbeidet på Røros. Nærmiljøet er sjølve læringsarenaen, og kompetansen blir tilbakeført direkte til samfunnet.

Norsk Kulturarv med kortreist musikk: Øystein Rudi og Reidar Stangenes fører an i allsangen under middagen

Kulturminnefondet og trehusmiljøa

Etter 2003 har Norsk Kulturminnefond løyvd 484 mill. til 2 900 objekt. Dette er snautt 30 % av totalkostnaden. Desse tala gjekk fram av foredraget til avdelingsleiar Einar Engen under seminaret. I år har 366 søknader fått tilsegn på til saman snaue 64 mill.

Engen informerte også om databasen Lykillin – nøkkelen som gir tilgang både for søknader, rapportar og innsyn i dei ulike prosjekta kulturminnefondet er engasjert i. Denne funksjonen forenklar søknadsbehandlinga og forbetrar kommunikasjonen med både søkjarar og antikvariske styremakter.

Foredraget baud også på ei rekke eksempel på tiltak der kulturminnefondet har løyvd pengar, og Engen stilte eit ope spørsmål om kva bygningar det er verdt å ta vare på – all den tid den tilgjengelege midelen er mindre enn det uttrykte og påståtte behovet. I alle fall representerer trehusmiljøa våre ei stor og viktig utfordring for både kulturminnefondet og andre med inngrep i praktisk kulturminnevern.

Trehusbyen i ei urbaniseringstid

Peter Butenschøn

Arkitekt og byplanrådgjevar Peter Butenschøn konstaterte i eit fengjande foredrag at Norge er i ein sterk urbaniseringsprosess, og trebyane våre møter store utfordringar i dette bildet. – Vi er ikke lenger som Isak Sellanrå, nå vil bønda’ bo i byen, sa Butenschøn. Eitt er iallfall sikkert: Trehusbyen må vera funksjonell i vår tid for å kunne eksistere. Fenomenet «by» i landet vårt oppstod av praktiske behov, og den organiske framveksten er typisk norsk, sa Butenschøn.

Vi ser ei klar utvikling frå «arbeidets by» til «fritidsbyen», samtidig som byen er ein sterk faktor i kreativ økonomi. Byen er ikkje lenger «eit nødvendig onde» med traurige, industriprega omgjevnader. Folk vil i høg grad bu og trivast i byen, og kjøper kjensla, fortellinga som karakteriserer dei gode vibrasjonane i «fritidsbyen». Kaffien i ein kopp har ein varekostnad på 15 øre. Vi betaler gladeleg både 20 og 40 kroner for ein kaffikopp når vi får den servert i eit hyggeleg bymiljø. På Marcusplassen i Venezia betaler vi 100 kroner for den same koppen. Dette fortel det meste om verdiskapinga som ligg i det emosjonelle når det gjeld kjøp og sal. Kopling mellom ulike funksjonar står sentralt – med handel og tenester av ulikt slag i interessefeltet. Bylivet skjer frå null til tre meter over bakken, i maksimalt 5 km pr. time – og dette representerer viktige premissar for vellykka byutvikling.

Butenschøn peikte på eit fenomen han meiner er eit bomskot i bydanninga: Å leggje store institusjonar som f.eks. høgskular, sjukehus og kjøpesenter utanfor byane, i staden for å la dei bli eit organisk element i sentrumsutviklinga. Utbygginga av St. Olavs Hospital i Trondheim by er eit eksempel å følgje for fleire, sa Butenschøn. Han gav også eit spark til politikarane i Levanger, som hadde tillatt oppføring av det store kjøpesenteret ved innkøyringa sør for byen. Han peikte på at byvekst såleis både løftar og trugar på same tid.

Trehusbyen må utvikle eit samvirke mellom forretningar og bustader i staden for ei sektorisering for å lykkast i den harde konkurransen byar imellom, sa Butenschøn. Dette er grunnleggjande vilkår for å etablere eit offentleg rom som trekkjer til seg folk og folkeliv. Den gode byen har fire funksjonar: Møtestad, marknad, knutepunkt for trafikk og samfunnsmakt – i skjeringspunktet mellom «arbeidets by» og «fritidsbyen».

– Kvalitet er konkurransedyktig, sa Butenschøn. «Godt nok» er ikkje godt nok, meinte han, og peikte på at byutvikling er – eller iallfall bør vera – politisk styrt. For at trehusbyen skal leva og utvikle seg, må følgjande kvalitetar vera til stades: Målestokk og nærleik, funksjonsblanding, eit godt offentleg rom og kontinuitet i utviklinga. I dette bildet er det viktig å ha klart for seg at det er forskjell på byutvikling og eigedomsutvikling…

 

«Kven skal passe på byene våre?»

Erling Okkenhaug

Erling Okkenhaug, aktivist og «sørlandsrefsar», stilte dette spørsmålet i avslutningsforedraget under seminaret i Levanger. Han har gjennom eit firedels hundreår kjempa for at byutvikling skal respektere dei opphavlege kvalitetane, la folk ta del i prosessane og ikkje overlata reguleringsplanar til utbyggjarane og arkitektane deira. Han er sentral i nettverket Allgrønn (www.allgronn.no), som han kallar eit forum for humanøkologi – idear som før vera framherskande i all stadutvikling.

Okkenhaug er ein glimrande pedagog, som fangar forsamlinga med treffsikre karakteristikkar og ei mengde eksempel på korleis byar bør og ikkje bør utvikle seg. Han er engasjert i utviklinga i eit utal byar etter kvart, og er nok mest kjend gjennom engasjementet for Holmen i Risør, ikkje minst takka vera dokumentarfilmen til Pål Winsents. Det er noko ibsenstockmannsk over Okkenhaug, som aldri «gir seg på tørre møkka» i kontrovers med utbyggjarar, arkitektar og lokalpolitikarar. Og han vinn sigrar etter kvart.

– Hva er en by? Dette var eitt av dei retoriske spørsmåla Okkenhaug stilte. Og han ga svar – mange svar, med mengder av eksempel både til etterfølging og avsky. Bygningar er viktige, men det er heilskapen, samspelet mellom bygg og folk som skaper miljøet. Okkenhaug viste mange eksempel på det han kalla «stedstap» og «byavvikling» gjennom politisk knefall for sterke utbyggjarar som gjerne ønskjer å regulere store område i ein jafs. Eit typisk trekk ved slike fenomen er ei total øydelegging av hamneområde gjennom mastodontisk bygging som stengjer både utsyn og innsyn. Han brukte uttrykket «spekulatur» om denne forma for arkitektur.

Det ideelle er å la mange arkitektar og utbyggjarar få utvikle bymiljø over tid i eit meir harmonisk mønster, meiner Okkenhaug.

Les også

Olavsrosa tildelt Ivaregga

Ivaregga har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke, Olavsrosa. Den ble utdelt av Erik Lillebråten, direktør i Norsk Kulturarv. Fagrådet i Norsk Kulturarv si vurdering: Plassen har kulturhistorisk verdi knyttet til Røros kobberverk, som betydde mye for utviklingen av Tolga. Bygningene...

Olavsrosa tildelt Børkjens gård

For 20 år siden ble Jarle og Marit Tveit gårdeiere i Hamrabø i Suldal. Børkjenes gård med sine 40 tilhørende bygninger har gitt den tidligere regnskapsføreren og kona nok å henge fingrene i. Tidlig i sommer mottok de Olavsrosa som...

Utdeling av den nasjonale kulturlandskapsprisen 2023 til Skjolden Beitelag

Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2023 er i dag 23.08.2023 tildelt Skjolden beitelag for deira arbeid og engasjement for kulturlandskapet i Mørkridsdalen.Mørkridsdalen landskapsvernområde (LVO) vart oppretta 7. august 2009 samstundes med Breheimen nasjonalpark. LVO grensar til nasjonalparken, og er ein viktig innfallsport...