
Med Ivar Odnes sin bortgang, har vi i Stiftelsen Norsk Kulturarv mista ein av våre ivrigaste og viktigaste støttespelarar dei siste 10 åra. Ivar vart innvalgt som styrerepresentant for Norsk Kulturarv den 28. oktober 2009. Da hoppa han rett inn i stolen som nestleiar, og har òg vore leiar for styret. Han var valgt som representant for ein av stiftarane våre – Oppland Fylkeskommune.
Minneord om Ivar Odnes.
Av Erik Lillebråten, direktør i Norsk Kulturarv.
Ivar var aktiv i Norsk Kulturarv til det siste, og var sist i hop med oss under 25-års-feiringa i Vågå i mai dette året. Nå vil vi takke Ivar for framifrå innsats for Norsk Kulturarv gjennom mange år, ikkje minst for måten han stod fram som ein samlande og besluttsom representant for organisasjonen vår i utfordrande saker og i vanskelege periodar.
Særleg var Ivar oppteke av og ekstra stolt over alt vi gjer for dei unge. Han deltok sjølsagt i Lisboa da Norsk Kulturarv vart tildelt Europas gjevaste kulturvernpris for aksjonen «Rydd eit kulturminne» i 2012. Han stilte velvillig opp for å lyfte fram Norsk Smaksskule, og han har vore avgjerande – med hjelp og støtte – for at vi har klart å oppretthalde den viktige aktiviteten på Hjerleid.
Gjennom det nye virket sitt som stortingsrepresentant, var Ivar allereie godt i gang med å vera ei sårt etterlengta stemme for kulturminnevernet heilt til topps i forvaltninga vår.
– Nå treng vi andre til å fylle den rolla.
I augo våre var Ivar ein hedersmann med stort hjerta for folk og for kulturarven vår. Det er ufatteleg trist at vi ikkje lenger kan få ha han blant oss. Ivar hadde innsikt i og interesse for det vi driv med. Han hadde trua på det, og overbevisning om betydninga av det. Han hadde viljen og evnen som skal til.
Stiftelsen Norsk Kulturarvs Gullnål er ei hedersbevisning som blir utdelt av organisasjonen vår. Norsk Kulturarvs styre har beslutta at Ivar Odnes skal tildelast Stiftelsen Norsk Kulturarvs Gullnål post mortem for det store og viktige engasjement sitt for den norske kulturarven og for organisasjonen vår, ikkje minst som mangeårig tillitsvalgt.
Vi takkar Ivar for innsatsen, og lyser fred over minnet hans.
Fjell-Norig
Av Olav Aukrust
Du salme i skogen, der vindsus syng
kvar linnvêrs natt,
du helsing frå villmark og végras og lyng –
støtt kjem du att.
Frå brisken den beiske og fine og stride,
frå fjellheim og viggur og vindheimar vide
kjem du, mitt hjarta til sorg og til trøyst,
du Fjell-Norigs inste, upphavlege røyst.
Du gufs av det norske, du ånd ifrå fjell –
di klage er mi.
Um ingen deg høyrer, eg høyrer deg lel,
og veit kva du lid.
Dei runer som gudgjevne her berre ljomar,
dei lengslur som her einast skin og ber blomar
ved aurgamal ile som her berre vell –
dei er det du syng um, du vindsus frå fjell.
Du høyrest av dine ved dag og ved natt,
du utesus.
Um folket ditt svik deg, kom sterkare att –
fyll vårt hus!
Å døyp oss i vårdagars dom over døden,
til kveik att på nytt av den norrøne mjøden, –
du gufs frå det høge som her vil bli storm;
lyft elden vår eigen, i ånd og i form!
Du fengje vårt inste og føre oss dit
som lengslune gjeng!
Det tindrar av bjørk, og det lyser av kvit
skogstjerne-eng – –
Det tek som når tora og storskri'u rullar,
det møter med barndom og bestemorsullar,
med fimleik og svle og urtids vin, –
og langleite blånar, og høgfjell skin!
Di klage forklagar oss, klumsa eg stend, –
gjev tol, gjev tol!
din djupaste løyndom er liv lage enn:
du skapte vårt mål.
Og du einast difor er etter vårt ynde:
vår lengting og lagnad, vårt lende og lynde,
det talar du ut um, og sjølve vårt kall
kann den lyde ut som er heilt i ditt vald.
Dei menn som um Fjell-Norig endå held vakt,
dei kjenner deg vel.
Alt folket skal eingong med glans av di makt,
med midtsamla sjel,
sin heimvegen velja og livsvoni vinne,
og tavlun' i graset då att skal me finne –
og då skal vår folkeånd gjeste sitt folk
og Fjell-Norig fagne sin fulltrugne tolk.