
Statsbudsjettet for 2016 inneheld ikkje store overraskingar for kulturminnevernet. Det mest gledelege og viktige for oss i Stiftelsen Norsk Kulturarv er at regjeringa har teke visjonen vår inn som retningsgjevande for framtidig kulturminnevern.
«Gjennom målretta og systematisk arbeid har kulturminneforvaltninga lagt vekt på vern gjennom bruk, då dette er den beste forvaltninga av kulturminna. Prosjekta medverkar til utvikling av lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Satsing på kulturminne som ressurs medverkar til positiv utvikling av byar og stader. Kulturminneforvaltninga er ikkje næringsutviklar, men skal leggje til rette for at andre aktørar kan drive næringsutvikling i tilknyting til kulturminna.»
Statsbudsjettet 2016, «Kulturminne og kulturmiljø – nasjonale mål»
Heilt sidan Norsk Kulturarv vart oppretta i 1993 har visjonen vår vore Vern gjennom bruk. Dei tre velvalde orda vart utmeisla alt i 1988 av grunnleggaren vår, Christian Sulheim, og står seg like godt i dag. Norsk Kulturarv har heile tida hevda at aktiv bruk er ein viktig premiss for ein levande og mangfaldig kulturarv. Vi bidreg på denne måten til verdiskaping. Kulturminne som blir brukte aktivt, skapar tilhøyre og identitet. Norsk Kulturarv har som formål å sikre kulturarven vår for komande generasjonar gjennom berekraftig bruk langs kysten, i innlandet og i bystrøk. Haldningsskapande verksemd, informasjon og formidling av verdiar som inspirasjon, kunnskap og identitet er viktig.
Retningsgjevande for framtidig kulturminnevern
Statsbudsjettet for 2016 inneheld ikkje store overraskingar for kulturminnevernet. Det mest gledelege og viktige for oss i Stiftelsen Norsk Kulturarv er at regjeringa har teke visjonen vår inn som retningsgjevande for framtidig kulturminnevern. Det er vi glade for og stolte over! Christian sine velvalde ord frå 1993 gjev gjenklang – endeleg – i regjeringskorridorane!
Regjeringa står fast ved dei nasjonale måla for kulturminnevernet:
- Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast
- Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020
- Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vera vedtaksfreda innan 2020
- Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
Vert kulturvern prioritert i 2017?
På bakgrunn av dette er det forunderleg at Regjeringa ikkje intensiverer arbeidet allereie i 2016. Aller helst skulle det vore gjort for 10 år sidan. Regjeringa innrømmer at framdrifta i fleire av bevaringsprogramma er svakare enn ønskjeleg. Det blir spennande å sjå kva dei vil gjera i budsjettforslaget for 2017 for å koma i rute.
Partiet Venstre har denne perioden vist seg å vera veldig viktig for oss i kulturminnevernet. Vi set vår lit til dei denne hausten òg. I valgkampen forsikra dei oss om at dei vil arbeide for at eigarane av kulturminne skal sikrast gode rammevilkår. Dei har programfesta gjennomgang av dei statlege virkemidla, og vil gje kommunane auka moglegheit til å gripe inn mot spekulativt forfall. Venstre vil også sikre Riksantikvaren forsvarlege økonomiske rammevilkår, og har programfesta at dei ønskjer å styrke finansieringa av Kulturminnefondet. Dette fondet er Klima- og miljødepartementet si viktigaste verkemiddelordning for eigarar av verneverdige kulturminne, medan Riksantikvarens tilskottsordningar er retta mot private eigarar av freda kulturminne.
Dette er nødvendig for å nå dei nasjonale måla – og lovar bra for framtida!
Erik Lillebråten
direktør
erik@kulturarv.no