VÅGÅ: – Matkulturen har vi alle felles, sa Einar Risvik frå NOFIMA under den internasjonale konferansen til SAPERE International, som var lagt til Bessheim Fjellstue 5.–7. september.

Norsk Kulturarv og Norsk Smaksskule var vertskap for konferansen i samarbeid med NOFIMA – den første i Norge i det heile. Risvik seier at eitt av måla med konferansen er å utveksle forskingserfaring mellom ulike fagfolk som arbeider med å integrere mat, smak og ernæring i skule og barnehage, setja det inn i ein kulturell samanheng og finne fram til felles plattform for ny læring blant barn og unge på dette området.
Bortimot 30 delegatar frå 10 land var påmeldt til konferansen. Dei representerer forsking og undervisning ved ulike universitet, forskingsorganisasjonar og helseinstitusjonar. Italia, Frankrike, Storbritannia, Nederland, Belgia og Japan var representert i tillegg til dei fire nordiske landa. Det internasjonale møtet her til lands kjem i kjølvatnet av at smaksskulen i Norsk Kulturarv det siste året også fått internasjonal merksemd, blant anna ved at dei via samarbeidspartnaren NOFIMA har kopla seg på det internasjonale forskingsnettverket SAPERE International. Søkelyset er heile tida på sansar, smak og mat som ein viktig del av vår felles kulturarv. Leiar av Norsk Smaksskule, Tor Valdvik, understekar at dei gjennom dette samarbeidet skal sikre ein internasjonal standard også i framtida.
Konferansen var støtta av Sparebank1 Lom & Skjåk, Vågå kommune, Region Nord-Gudbrandsdal og Oppland fylkeskommune.
• Sapere: Internasjonalt nettverk av forskarar, pedagogar og ernæringsfysiologar. Organisasjonen byggjer på ein pedagogisk metode for sensorisk trening blant barn, med tanke på at smaksopplevinga ikkje berre gjeld smakssansen. «Sapere» (latin) betyr å vita, kunna, smaka.
• NOFIMA: Matforskingsinstitutt med rundt 350 tilsette. Hovudkontor i Tromsø, avdelingar på Ås, i Alta, Bergen, Stavanger og Sunndalsøra. NOFIMA driv forsking og næringsretta utvikling innan matindustri, fiskeri og akvakultur.