- Takk for et fantastisk måltid! Når kommer dokker neste gang?

KARASJOK/KÁRÁŠJOGA: Slik avrunda plenumsleiar i Sametinget, Jørn Are Gaski, da han på vegne av representantane i Sametinget takka for lunsjen som Norsk Kulturarv og Norsk Smaksskule stod for under besøket i mars, saman med skuleelevar frå Karasjok. Serveringa var ein del av opplegget med smaks- og matkurs for skuleelevar over heile landet.

– Det er lov å ikkje like, men du skal smaka på alt! Dette var grunntonen i undervisninga for elevane frå 6. og 7. klasse ved Karasjok skole i løpet av dei to dagane i kantinekjøkkenet på Sametinget. Styreleiar Kirsti Kolle Grøndahl i Norsk Kulturarv, Tor Valdvik frå Norsk Smaksskule og kokkane Ståle Johansen og Kristoffer Hovland hadde travle dagar, saman med lærar Doris Norbye, som stod i spissen for elevane. Kolle Grøndahl og Valdvik orienterte både Sametinget og stortingskomiteen om arbeidet i Norsk Kulturarv og prosjektet Norsk Smaksskule.

Johansen og Hovland er ikkje akkurat ukjende storleikar i kokkefaget, og underviste elevane i den gode smak, bruk av gode råvarer og tillaging av ulike matrettar – i tillegg til at dei var engasjerte til å servere lunsj til medlemmene av Sametinget. At kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget også var på besøk og skulle ha sin lunsj, gjorde det heile enda meir hektisk.

Flatbiffen er servert til medlemmene i Sametinget

– Så bakar vi det i omnen, så det får ei sprø skorpe…
Stortingskomiteen fekk sellerisuppe med steikte reinsdyrhjerte, peparkrem og krutongar. Dette var også forretten under den store lunsjen for Sametinget, som elles baud på flatbiff av rein, storfetunge og soppsaus. Som dessert vart det servert lun molte av friske bær med krem og kamfer. Johansen og Hovland styrte det heile med sikker hand, og elevane deltok under det meste av prosessen. Felles for alle rettane var – som venta – at dei baud på smakar av særskild og original kvalitet.

– Det er viktig at barn får smaksreferansar i ung alder, ikkje berre den eine smaken av pizza eller taco, seier Johansen og Hovland. På eit kjøkken som var både varmt og trongt – og ikkje akkurat bygt for undervisning, greidde dei på framifrå vis å kombinere formidling av kokkekunst med hardkjør for å få to lunsjar på plass. Det heile vart gjennomført med utvist fleksibilitet frå personalet som elles har sitt daglege virke på kantinekjøkkenet. Opplegget inkluderte innkjøp av råvarer i tillegg til det dei hadde med i tung bagasje heimanfrå, og alle som var til stades, fekk demonstrert korleis ting blir til – og i rett rekkefølge – av fagfolk som har gjort dette før.

Sellerisuppa blir bra…

– Viss vi deler opp kjøttet nå, vil all safta renne ut – må få kvile –

Kokkane har lang erfaring i å undervise på kjøkkenet. Når det gjeld overføring av kunnskap til nettopp barn, legg dei vekt på kor viktig det er å få god kontakt med elevane. – Humor er eit godt virkemiddel i så måte, meiner dei to. Vidare er gode og reine råvarer den beste garantien for rein smak og sunn mat, meiner dei to. Vi har liten grunn til å tvile på autoriteten i denne utsegna.

– Vi har hatt det kjekt, var oppfatninga blant elevane. Dei hadde fått opplevd to stjernekokkar i aksjon, som til alt overmål hadde innlemma dei i fleire smarte triks når det gjeld matlaging. Vi for vår del har iallfall forstått at smør framhevar den gode smaken…

Les også

Kulturarven nr.95

Kulturarven nr.95 vil komme i postkassen til våre medlemmer i første halvdel av juni. Her er det mye fint lesestoff. Det er bare å glede seg.

Norsk Kulturarv`s årsmøte 2023 digitalt

Har du lyst til å delta på årsmøtet vårt digitalt i år? Da har du mulighet til å delta via Teams. Årsmøtet er onsdag 14.juni kl 18.00. Det fysiske møtet er i Risør. For å melde deg på så sender...

Utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård

Onsdag denne veka var det endeleg klart for utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård. På grunn av pandemien har dette vore utsett lenge. Nestleder i Norsk Kulturarv`s styre, Randi Bårtvedt delte ut kvalitetsmerket til dem. Det var storslått feiring og et...