Det blir gjort eit stort og viktig arbeid for å ferdigstille dei gjenståande strekningane av ny E6 gjennom Gudbrandsdalen. Forbi Ringebu blir det i planprogrammet foreslått å byggje ny E6-tunnel på nord-aust-sida av sentrum, med kryss like ved sentrum og ved eksisterande kryss på Frya. Dette vil i såfall bety at den verneverdige bebyggelsen på Skjeggestad må vike plass for ny E6-trasé. Dette er ikkje greit, og vi i Norsk Kulturarv vil med dette protestere mot at NyeVeier forsøker å trumfe gjennom eit trasé-valg som raserar viktige og verneverdige kulturminne.

Fråsegn frå styreleiar, Jørn Holme og direktør, Erik Lillebråten i Norsk Kulturarv.

Gjennom prosjektet «Kulturminner i kommunene» (KIK), ønskjer Riksantikvaren og fylkeskommunane å auke kulturminnekompetansen i kommunane, og betre den lokale kulturminneforvaltninga. Det er eit ønskje om ei kunnskapsbasert, målretta og effektiv kulturminneforvaltning, der avgrensinga av planarbeidet tek for seg utvalgte område.Kommunane pliktar å arbeide for å oppfylle dei nasjonale måla på kulturminneområdet. Eitt av måla, er at tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast.

Dette har Ringebu kommune teke på alvor, ved i fyrste omgang å utarbeide ein konkret og veldig avgrensa kulturminneplan for områda langs E6, i dalbotnen frå Øyer grense i sør og til Sør-Fron grense i nord, på austsida av Lågen. Tettstadane Fåvang og Ringebu er ikkje inkludert i planen.Ringebu kommune sin kulturminneplan er avgrensa til å gjelde kun 23 registrerte kulturminne.  Til saman er det kartlagt ca. 90 lokalitetar fordelt på fire kategoriar.  Dei fire kategoriane er vurdert i samanheng med Riksantikvarens verdsetting og vekting.  Ein lokalitet kan vera eit gardstun eller miljø, eller også eit enkeltobjekt som eit hus eller ein ferdselsveg.

Skjeggestad, gards- og bruksnummer 58-3, er lista opp i vernekategori 2 (på nest-høgaste nivå av 4 vernekategoriar) blant dei 23 utvalgte kulturminna i Ringebu. «Dette er derfor et kulturmiljø som er veldig viktig i å forstå hvordan landsbyen, stasjonsbyen Vålebrua vokste fram mot slutten av 1800-tallet med allfarvegen som ble etablert i dalbotnen, og etableringa av jernbana, som avslutta behovet for skysstasjonen. Husa er i god stand.» Ringebus kulturminneplan slår vidare fast at garden «har stor opplevelse- og kunnskaps- og bruksverdi som heilhetlig miljø i kulturlandskapet». Det ligg òg i planen at alle kulturminne i kategori 1 og 2 «bør legges inn som hensynssone C, Sone med særlig bevaring av kulturminner/ kulturmiljø etter PBL § 11-8 bokstav C i kommuneplanens arealdel, og reguleres til bevaring i eventuelle reguleringsplaner der disse kulturminnene inngår.» Dei prioriterte kulturminna skal med andre ord sikrast gjennom bruk av virkemidla i plan- og bygningslova ved rullering av kommuneplanens arealdel, og i nye reguleringsplaner der kulturminnene inngår.

Kulturarven og kulturminna våre må beskyttast for framtida. Dei er uerstattlege og viktige ressursar, som blant anna bidreg på ein positiv måte til å gje stader karakter, innhald og identitet. For Ringebu sin del, er identiteten tufta på landbruk og kultur, noko det er spesielt mange spor etter. Når bevaring av kulturminne kjem i konflikt med andre samfunnsinteresser, slik som vegar, nybygg, landbruk eller andre næringar, må kommunen, fylkeskommunen, departementet og alle vi som ivrar for å ta vare på kulturarven vår «stå opp» for desse verdiane. Denne gongen gjeld det Skjeggestad. Det kan ikkje vera slik at kulturvernet alltid dreg det stuttaste strået, og at alle andre interesser hoppar galant over det dei folkevalgte i sine fora har vedteke for å innfri det dei har av tunge og viktige forpliktelsar.

Skal ein kulturminneplan ha nokon verdi, må den i alle fall vera av betydning i arbeidet med ny infrasturktur i ein dal som Gudbrandsdalen. Kva skulle ein elles med ein slik plan? Skjeggestad må ha det vernet som ligg i Ringebus kulturminneplan. Det kan ikkje vera opp til NyeVeier å definere eit lokalsamfunn sine kulturverdiar, og å leggje føringar for korleis dei skal takast vare på.

Les også

Olavsrosa tildelt Ivaregga

Ivaregga har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke, Olavsrosa. Den ble utdelt av Erik Lillebråten, direktør i Norsk Kulturarv. Fagrådet i Norsk Kulturarv si vurdering: Plassen har kulturhistorisk verdi knyttet til Røros kobberverk, som betydde mye for utviklingen av Tolga. Bygningene...

Olavsrosa tildelt Børkjens gård

For 20 år siden ble Jarle og Marit Tveit gårdeiere i Hamrabø i Suldal. Børkjenes gård med sine 40 tilhørende bygninger har gitt den tidligere regnskapsføreren og kona nok å henge fingrene i. Tidlig i sommer mottok de Olavsrosa som...

Utdeling av den nasjonale kulturlandskapsprisen 2023 til Skjolden Beitelag

Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2023 er i dag 23.08.2023 tildelt Skjolden beitelag for deira arbeid og engasjement for kulturlandskapet i Mørkridsdalen.Mørkridsdalen landskapsvernområde (LVO) vart oppretta 7. august 2009 samstundes med Breheimen nasjonalpark. LVO grensar til nasjonalparken, og er ein viktig innfallsport...