Norsk Smaksskule kursa i august nærare 200 lærarar og barnehagelærarar i smak, råvarer og ernæring. Søknadene har meir enn dobla seg kvart år sidan starten.

Arbeidet med Norsk Smaksskule vart starta opp i 2012 etter at Sparebankstiftelsen DNB gjekk inn med kr 1,5 millionar til utvikling av prosjektet. Formålet var å bidra til at barn og unge over heile landet skulle få flest mogleg smaksreferansar i ung alder.

Sidan den gong har Gjensidigestiftelsen gått inn med ein million kroner til prosjektet. I vinter fekk smaksskulen verkeleg vind i segla, da Sparebankstiftelsen DNB gav nye fire millionar kroner til vidareutvikling av prosjektet og sikring av drift fram til sommaren 2017. I vår kom Fiskeridepartementet på bana og gav oss tilsegn om kr 500 000 til haldningsbyggande arbeid for å auke sjømatkonsumet blant barn og unge vaksne.

Kurs med Arne Brimi. Arkivfoto: Vianvang

Norsk Smaksskule ynskjer å gjeva lærarar og barnehagelærarar meir kunnskap og inspirasjon, slik at dei kan lære barn og unge å smake på meir mat, eta meir variert og bli bevisste forbrukarar i framtida. Difor var det i august nærmare 200 lærarar frå 18 av dei 19 fylka i landet på kurs i Haugesund, Vågå, Røros og Oslo. No har dei skule- og barnehagetilsette reist attende til sitt arbeid med barn og unge og kan ause av kunnskapen og inspirasjonen dei har fått på kurs med nokre av Norges fremste på fagfeltet. Frå før er Arne Brimi, Kristoffer Hovland, Ståle Johansen, Frode Selvaag, Mikael Forselius og Einar Risvik kurshaldarar i Norsk Smaksskule. Nytt av året er at også dagleg leier på Gamle Raadhus og Vaaghals, Jørn Lie, og TV-kokk Wenche Andersen heldt kurs saman med Einar Risvik i Oslo.

I samband med tilskotet Norsk Smaksskule har fått frå Nærings- og fiskeridepartementet, vil det bli skarpt fokus på fisk i aksjonen dette året. Skulane og barnehagelærarane har høve til å invitere fagfolka frå smaksskulen på besøk for å gjennomføre øvingar med barna. Det blir også teke sikte på å arrangere foreldrekveldar.

Det er no det verkeleg startar!

 

Les også

Kulturarven nr.95

Kulturarven nr.95 vil komme i postkassen til våre medlemmer i første halvdel av juni. Her er det mye fint lesestoff. Det er bare å glede seg.

Norsk Kulturarv`s årsmøte 2023 digitalt

Har du lyst til å delta på årsmøtet vårt digitalt i år? Da har du mulighet til å delta via Teams. Årsmøtet er onsdag 14.juni kl 18.00. Det fysiske møtet er i Risør. For å melde deg på så sender...

Utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård

Onsdag denne veka var det endeleg klart for utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård. På grunn av pandemien har dette vore utsett lenge. Nestleder i Norsk Kulturarv`s styre, Randi Bårtvedt delte ut kvalitetsmerket til dem. Det var storslått feiring og et...