Norsk Smaksskule er nominert til Embla Nordisk Matpris 2019 - i kategorien "Årets mat til barn og unge". (Foto: Ingrid Blessom)

Dei nordiske bondeorganisasjonane samla under NBC (Nordiske Bondeorganisasjoners Centralråd) står bak prisen. Målet er å styrke ein felles nordisk matidentitet og -kultur, og samstundes auke interessa for nordisk mat utanfor Norden.Det er sju kategoriar, og i kategorien mat til barn og unge, er Norsk Smaksskule Noreg sin kandidat til prisen – som vert delt ut i Reykjavik laurdag 1. juni. 

Brimi: – Overraskande og gledeleg

Initiativtakar til Norsk Smaksskule, Arne Brimi seier han er gledeleg overraska over at Norsk Smaksskule får merksemd også internasjonalt. – Dette er overraskande, og ikkje desto mindre gledeleg kor langt Norsk Smaksskule har kome på stutt tid. Smak, matkultur og identitet blir stadig viktigare for folk, og her har smaksskulen ei sentral rolle å fylle. Vi er stolte over å vera Noregs kandidat til den nordiske matprisen, og dette gjev stor motivasjon til vidare arbeid, seier mesterkokken frå Tessand. 

Leiar for Norsk Smaksskule, Tor Valdvik, seier han knapt trudde det han høyrde når han vart informert om nominasjonen. – Vi kjenner oss som vinnarar allereie. Det er så mange som har gjeve så mykje for å gjera Norsk Smaksskule til ein realitet. Ikkje minst lyt vi takke våre samarbeidspartnarar som har gjort dette prosjektet mogleg. Sparebankstiftelsen DNB, Gjensidigestiftelsen og Nærings- og fiskeridepartementet har alle delt vår draum om å gjeva barn og unge flest mogleg smaksreferansar i ung alder, seier Valdvik. 

 

Dette er dei norske kandidatane 2019

Årets Mathåndverker:            Indre Oslo Matforedling, IOM (Oslo/Akershus)

Årets Råvareprodusent:         Rodrick Sloan (Nordland)

Årets Matgründer:                 Rørosmeieriet (Trøndelag)

Årets Mat til barn og unge:    Norsk smaksskule (Oppland og hele landet)

Årets Matformidler:               Heidi Bjerkan og Jon Fredrik Skauge (Trøndelag)

Årets Matdestinasjon:            Arktisk mat (Nordland)

Årets Mat til mange:              Matvalget (Akershus og hele landet)

Norsk Smaksskule er eit prosjekt i regi av Norsk Kulturarv – og etter idè frå Arne Brimi. Smaksskulen tilbyr gratis kurs for skule- og barnehagetilsette som treng fagleg påfyll til korleis dei skal jobbe med smak, mat og råvarer med ungane.

Les meir om prisen og dei andre nominerte her.