Norsk Smaksskule har i fleire år vore ein del av det internasjonale forskningsnettverket for smak, mat- og kosthaldsvaner, Sapere. Førre veke var dei representerte på University of Cambridge for SAPERE Symposium 2019.

Norsk Smaksskule er eit såkalla «train the trainers»-program som kursar lærarar og barnehagelærarar i korleis dei skal skape positive atferdsendringar hjå barn og unga. Formålet er å bidra til at norske barn og ungdommar skal få flest mogleg smaksreferansar i ung alder. Sidan 2015 har Norsk Smaksskule, saman med forskningsinstituttet NOFIMA, vore det norske navet i det internasjonale forskningsnettverket, Sapere. I 2016 arrangerte Norsk Smaksskule det årlege symposiet på Bessheim i Vågå. 

24. og 25. oktober deltok Norsk Smaksskule saman med Nofima på symposiumet, som i år vart arrangert på University of Cambridge i Storbritannia. Der deltok det forskarar og kunnskapsbêrarar frå 14 land fordelt på tre kontinent. Einar Risvik og Tor Valdvik var av innleiarane på konferansa. – Vi fekk svært positive attendemeldingar frå dei andre deltakarlanda, og har allereie vorte invitert til nye land for å dele erfaringar frå vårt arbeid, seier prosjektleiar Tor Valdvik. 

Les også

Olavsrosa tildelt Inderdalen Gård

Inderdalen Gård har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. Inderdalen er den øverste gården i Bryggfjelldalen. Dette er et komplett tunanlegg med eldre bebyggelse. Bruket er eten av de best bevarte fjellgårdene i sitt slag i distriktet. Hovedbygningen og buret...

Olavsrosa tildelt Sjømilitære Samfund

Sjømilitære Samfund har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. (Foto, Sjømilitære Samfund: fra venstre Ina Christine Willie, Torill Thorsen, Stig Thorsen og Christina Maria Bratli) Sjømilitære Samfund har en velbevart hovedbygning i sveitserstil tegnet av arkitekt Henrik Nissen, og er...