
Under Norsk Kulturarvs årsmøte i juni vedtok årsmøte følgjande uttale som no er utsendt til regjeringa ved kulturministeren og klima- og miljøministeren samt alle dei politiske partia på Stortinget. Her er uttala:
Kven skal ta vare på prestegardane?
Etter Norsk Kulturarv si vurdering har mange av dei eldre prestegardane i Norge høg verneverdi. Prestegardane har vore viktige kulturinstitusjonar i bygdene, og har mange stader eit verdifullt bygningsmiljø som i mange høve også har gitt impulsar til lokalmiljøa. Hausten 2015 oppheva Stortinget buplikta for prestane i Norge. Norsk Kulturarv er bekymra for at konsekvensane kan bli alvorlege for mange viktige kulturminne når prestane flytter ut av Prestegardane.
Så lenge prestegardane har vore i aktiv bruk som prestebustad, har det vore kontinuitet i ein lang brukstradisjon og eit løpande tilsyn med anlegga. Opplysningsvesenets fond (Ovf), som eig over 400 prestebustader i Norge, har etter vedtaket om oppheving av buplikta gått ut med signal om at dei vil avhende mange av eigedomane som ikkje lenger vert nytta til prestebustad.
Om lag 150 av prestegardane har etter Ovf si meining ein spesiell kulturhistorisk verdi som gjer at dei ikkje kan omsettast i den opne marknaden, og fondet er no på leiting etter fornuftige måtar å løyse denne forvaltningsoppgåva på. Dette er eit positivt tiltak for ivaretaking av verneverdiar. Men mange av desse prestegardane har gamle bygningar med eit betydelig vedlikehaldsetterslep. Sjølv om Ovf år om anna har brukt mykje midlar til vedlikehald av mellom anna freda bygningar på prestegardane, har dette vore altfor lite for å halde tritt med vedlikehaldsbehovet.
Praksisen til no har vore at prestegardane i «statleg eige» ikkje har kunna søke tilskot frå Kulturminnefondet eller Riksantikvaren, då begge desse har prioritert bygningar i privat eige. Kulturminnefondet bekreftar at dette òg vil vere situasjonen i framtida om dei ikkje får tilført friske, øyremerkte midlar.
Norsk Kulturarv ser med stor bekymring på vedlikehaldssituasjon i dag og for framtida for dei verneverdige prestegardane. Vi vil be om at regjeringa gjennom Ovf, Riksantikvaren, Klima- og miljødepartementet og Kulturdepartementet tar opp saka i full breidde.
Bodø, 2. juni 2016
Årsmøtet i Norsk Kulturarv