Agder fylkeskommune, Innlandet fylkeskommune og Riksantikvaren samarbeider med Norsk Kulturarv i arbeidet med pilotprosjektet «KulturArvKommune». Målet med prosjektet er å skape ein arena for alle landets kommunar, der vern og bruk av den felles kulturarven vår skal vera gjennomgangs-tema. Kommunane har ei sentral rolle i forvaltning av kulturminna våre. Det er eit statleg ønskje om å styrke kommunane sin kunnskap om korleis ein gjennom bl.a. plan- og bygningsloven kan ivareta og bruke kulturminne på ein god måte.

I samband med dette arbeidet søkjer vi nå etter ein Prosjektansvarleg

Dette er eit engasjementet i 100% stilling, og strekkjer seg f.o.m 1. juni 2023 til 31. januar 2024, med mogleg forlenging f.o.m februar 2024.

Planlegging og gjennomføring av KulturArv-konferansar hausten 2023 for kommunane i dei to fylka, i tett samarbeid med Agder fylkeskommune, Innlandet fylkeskommune og Riksantikvaren, vil vera sentrale arbeidsoppgåver. Målet med prosjektet er auka kulturmiljø-kompetanse blant saksbehandlarar  i alle landets kommunar.

Lønn og andre betingelsar etter avtale. Det  må påreknast noko reiseaktivitet.

Kontoradresse/ arbeidsstad er i Norsk Kulturarv sine lokaler i Ullinsvin, Edvard Storms veg 26, i Vågå.

Søknadsfrist: 15. mai 2023. Tiltredelse etter avtale.

Her kan du sjå alt om stillingen: https://www.facebook.com/photo?fbid=605539814940863&set=a.549284973899681

Les også

Olavsrosa tildelt Inderdalen Gård

Inderdalen Gård har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. Inderdalen er den øverste gården i Bryggfjelldalen. Dette er et komplett tunanlegg med eldre bebyggelse. Bruket er eten av de best bevarte fjellgårdene i sitt slag i distriktet. Hovedbygningen og buret...

Olavsrosa tildelt Sjømilitære Samfund

Sjømilitære Samfund har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. (Foto, Sjømilitære Samfund: fra venstre Ina Christine Willie, Torill Thorsen, Stig Thorsen og Christina Maria Bratli) Sjømilitære Samfund har en velbevart hovedbygning i sveitserstil tegnet av arkitekt Henrik Nissen, og er...