Erik Lillebråten fra Norsk Kulturarv og Grethe Fossli fra LO signerte i dag avtala som innebêr ei stor satsing på arbeidarkultur i åra som kjem.

LO og Norsk Kulturarv inngjekk nyleg ei samarbeidsavtale om å løfte fram kulturarven knytt til arbeiderbevegelsen i Norge. Dette innebêr at ein i åra framover ønskjer å setja fokus på den materielle og immaterielle kulturarven knytt til arbeidarkulturen i landet. Avtala innebêr redaksjonelt stoff om arbeidarkulturen på Norsk Kulturarvs sine flater og samarbeid om å rette søkjeljoset mot fysiske kulturminner, særleg tekniske og industrielle kulturminner  og formidle denne viktige delen av kulturarven. LO går også inn med eit økonomisk beløp i prosjektet. 

– Det er viktig både for Norsk Kulturarv og LO og arbeidarkulturen på dagsorden som ein viktig del av vår felles historie som land og folk, seier direktør, Erik Lillebråten.