Mai blir ein hektisk månad for Norsk Smaksskule. Då skal nemleg smaksskulen reise Norge på tvers - og besøkje mange barnehagar på vegen. (Foto: Norsk Kulturarv / Ingrid Blessom)

Norsk Smaksskule kursar lærarar og barnehagelærarar i korleis ein kan bidra til at barna får flest mogleg smaksreferansar i ung alder. I fjor passerte smaksskulen 1000 skule og barnehagetilsette som har delteke på kurs. I etterkant av kursa besøkjer kokkane dei som har vore på kurs og gjennomførar smaksøvingar med ungane. Dette skuleåret vil smaksskulen besøkje kring 50 skular og barnehagar i alle delar av landet.
Dette året prøvar vi noko nytt. I løpet av eit par hektiske veker i mai skal vi besøkje 9 skular og barnehagar på tvers av Noreg. Det heile startar i slutten av april med besøk på Doremi i Halden og endar 14. mai på Finnøy i Ryfylke kor Arne Brimi og Ryfylkekokken, Frode Selvaag inviterar til smaksfest med ungane. Undervegs skal ein besøkje mellom anna Hvaler, Eidsberg, Oslo, Sandefjord og Vinje, før det bêr over fjellet til Stavanger og til slutt altså Ryfylke. Vi gler oss på ei reise i smakens teikn med mange lokale smakar på vegen.

Les også

Olavsrosa tildelt Inderdalen Gård

Inderdalen Gård har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. Inderdalen er den øverste gården i Bryggfjelldalen. Dette er et komplett tunanlegg med eldre bebyggelse. Bruket er eten av de best bevarte fjellgårdene i sitt slag i distriktet. Hovedbygningen og buret...

Olavsrosa tildelt Sjømilitære Samfund

Sjømilitære Samfund har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. (Foto, Sjømilitære Samfund: fra venstre Ina Christine Willie, Torill Thorsen, Stig Thorsen og Christina Maria Bratli) Sjømilitære Samfund har en velbevart hovedbygning i sveitserstil tegnet av arkitekt Henrik Nissen, og er...