Sidan 2007 har Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen vore utdela. No kan du nominere din kandidat. (Foto: Marit Larsen: Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap, Porsanger i Finnmark)

Norsk Kulturarv har teke initiativ til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen og samarbeider med Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet om utvelgelsen av det beste prosjektet kvart år.

Statsforvaltarane sine landbruksavdelingar, bondeorganisasjonane og andre er forslagsstillarar til kandidatar til Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.

Kandidtatane blir vurderte etter følgjande kriterier:
 Det skal vera gjort ein ekstra innsats for kulturlandskapet
 Det skal bidra til heilheit og mangfald i/for kulturlandskapet
 Det skal bevare og synleggjera kulturlandskapet
 Det skal vera knytta til bærekraftig skjøtsel, aktivt landbruk og moderne drift av kulturlandskapet
 Det skal auke tilgjengelegheita for allmennheita til kulturlandskapet
 Det skal ha en læringseffekt om kulturlandskapet
 Det skal forankre norsk kulturarv i kulturlandskapet
 Det skal visast samanheng mellom natur og bygningar i kulturlandskapet
 Det skal visast samanheng mellom kulturlandskap og verdiskaping

Hensikten med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å 

 Bevisstgjera allmennheita på utfordringar i forhald til kulturlandskapsverdiar
 Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet
 Bevisstgjera miljøverdiane i kulturlandskapet
 Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel

Prisen er tidlegare tildelt:

 2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho
 2008 – Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland
 2009 – Nordherad-prosjektet i Vågå kommune, Oppland
 2010 – Vegaøyans Venner
 2011 – Maridalens Venner
 2012 – Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Ringsaker
 2013 – Hauan Gard, Re kommune
 2014 – Storfjordens Venner, Møre og Romsdal
 2015 – Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark
 2016 – Ikkje utdelt pris
 2017 – Bøndene på Kvitsøy
 2018 – Torhild Langklopp og Roar Svenning – Troningen gård på Stokkøya i
Åfjord kommune, Trøndelag
 2019 – Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten, Nordland
 2020 – Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap,
Porsanger i Finnmark

Jury for årets pris er:
 Landbruks- og matminister Olaug Bollestad – Juryleiar
 Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag
 Kjersti Hoff, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag
 Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
 Hanna Geiran, riksantikvar
 Kirsti Kolle Grøndahl, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv

Prisen vil bestå i eit grafisk blad utført i tresnitt av Hans Normann Dahl samt 50 000,- kroner bevilga av Landbruks- og matdepartementet.

Klikk her for å nominere din kandidat!

Les også

Program for Norsk Kulturarv`s årsmøte 2024

Nå er programmet for Norsk Kulturarv`s årsmøte i Hardanger klart. Lenke til program og påmelding ligger under her. Har du lyst til å delta på årsmøtet digitalt? Da kan du sende en epost til post@kulturarv.no og melde deg på der....

«Ta et tak» 2024-25

10 millioner til ny «Ta et tak»-aksjon (Foto: Anne Hjetland) I styremøtet sitt 28. februar, tildelte Stiftelsen UNI 10 millioner kroner til Norsk kulturarv til en ny «Ta et tak»-aksjon for 2024-25. Dette blir den 17. aksjonen siden starten i...

Kulturminnedagene 2024. «Spor, nettverk og forbindelser»

(Foto: Hans Martin Østerhaug) Bli med som arrangør av Kulturminnedagene og søk om 30.000,- i arrangementsstøtte før fristen 19. april! I år avholdes Kulturminnedagene i tidsrommet 31. august til 8. september. Temaet for årets festival er «Spor, nettverk og forbindelser» og...