Mellom dei tidlegare vinnarane er HM Dronning Sonja, som fekk Norsk Kulturarvs Ærespris i 2015. Nå blir nominasjonen lyst ut for 2017.

Formålet med SNKs ærespris er å fremme interessen for den norske kulturarven, og heidre nokre av dei som har utmerka seg spesielt innanfor dette området.
Prisen kan tildelast enkeltpersonar eller grupper, lag og organisasjonar som har synt evne og vilje til å yte aktiv innsats for ivaretaking, aktualisering, formidling eller i det å gjera den norske kulturarven tilgjengeleg.

Tidligare er SNKs ærespris tildelt:

 2007     : Nasjonale Turistveger, Lillehammer
 2008     : Harald Grytten, Ålesund
 2009     : Engøyholmen kystkultursenter, Stavanger
 2010    : Storfjordens Venner, Møre og Romsdal
 2011    : Astri Riddervold, Nordland
 2012    : Jon Ole Andersen, Finnmark
 2013    : Oddgeir Bruaset, Møre og Romsdal
 2014    : Jon Bojer Godal, Møre og Romsdal
 2015    : H.M. Dronning Sonja
 2016    : Jon Brænne, Oslo

Kriteria for SNKs ærespris er følgjande:
1. Namnet på prisen er Norsk Kulturarvs Ærespris.
2. Føremålet med prisen er å fremje interessa for den norske kulturarven.
3. Prisen kan gjevast til einskildpersonar eller grupper, lag og organisasjonar som har vist evne og vilje til å yte aktiv innsats for ivaretaking, aktualisering, formidling eller tilgjengeleggjering av den norske kulturarven.
4. Det skal utdelast maksimalt ein pris årleg.
5. Alle medlemmer av Norsk Kulturarv kan føreslå kandidatar.
6. Styret for Norsk Kulturarv tek avgjerd om tildeling av prisen etter tilråding frå fagrådet.

Vi ber om at nominasjonane blir senda Norsk Kulturarv innan 1. mai.

Postboks 26, 2684 VÅGÅ – post(a)kulturarv.no

Les også

Stiftelsen Norsk Kulturarv inn i referansegruppe

Setersatsing i årets jordbruksoppgjør (Foto: Randi Valde) Fjellbeitene er ein viktig ressurs, men med tilgang på all verdens ressursar og import av matvarer, er våre eigne blitt mindre lønnsame. På 100 år har 90 000 setre blitt til 900, og...

Gode smakar, framifrå ungdom og fullt hus

Opning av utstillinga « Ungdommens matfat i Innlandet» vart ein stor dag for Norsk Smaksskule, for ungdommar og lærarar som har vore med på prosjektet og sist men ikkje minst Maihaugen. Utstillinga er ein del av Maihaugen si utstilling «Mat-mer...

Møte med Kulturmiljøutvalget – Norsk Kulturarvs innspill

Foto: Sygard Grytting Sammen med Foreningen Fredet har Stiftelsen Norsk kulturarv i dag møtt Kulturmiljøutvalget i innledende og viktig møte med tanke på arbeidet med den nye «Kulturmiljøloven». Det vi – som interesseorganisasjon for eiere av fredete og verna kulturminner...