
Nå som vi var så godt i gang! Ikkje minst med Venstre i regjeringskontora, har vi gleda oss over ein flott, viktig og nødvendig auke i Kulturminnefondets ramer. Og nå dette; Eit foreslått kutt på 10 millionar i 2021-budsjettet !
Ope brev til statsråden i Klima- og Miljødepartementet
Av Erik Lillebråten, direktør i Norsk Kulturarv
Norge skal bli eit lavutslepps-samfunn innan 2050. Det å bevare og gjenbruke bygningar, istaden for å rive og byggje nytt, kan hjelpe oss godt på veg til å nå det målet. I den nye stortingsmeldinga for kulturmiljøfeltet, blir nettopp gjenbruk av bygningar peikt på som eitt av fleire virkemiddel.
Du har sjølv framheva at å bevare framfor å rive kan bidra til gode lokalmiljø, og sikre godt klima og miljø. Ein «vinn-vinn-effekt», rett og slett. Og som riksantikvar Hanna Geiran slår fast, kan vi ikkje byggje oss ut av klimakrisa ! Dagens bygningsmasse har allereie tatt klimabelastninga. SINTEF anslår faktisk at av den bygninsmassen vi skal bruke fram mot 2050, er opp mot 80% allereie bygd.
Når regjeringa forslår så betydeleg kutt i landets kulturminnevern, er det berre å forvente at reaksjonane blir sterke. Vi har – som Fortidsminneforeningens generalsekretær Ola H. Fjeldheim har uttala – heilt klart vore av den oppfatninga at regjeringspartia er opptatt av kulturminnevern. Det står i «Granavolden-erklæringen» at Kulturminnefondet skal styrkast, noko vi har sett i fleire år. Men så dette.
Kulturminnefondet er avgjerande for kulturminnevernet i landet vårt !
Her blir kroner og kompetanse fordelt til ulike – store og små – verneprosjekt over heile landet på ein rask og effektiv måte. Det lokale næringslivet leverar varer, og får oppdrag til lokale handverkarar og andre innan byggebransjen. Resultatet; Ein bygningsarv betre rusta for framtida. Ut frå tidlegare berekningar, kan vi anslå at dei 10 millionane totalt sett ville gjeva ca 35 millionar i verdiskaping. Du og regjeringa skulle heller lansert ei større satsing på kulturminnevernet som ei knakande god tiltakspakke for å møte den forferdelege corona-pandemien.
Kulturarven vår er den felles hukommelsen vår. Å ta vare på den, er som sagt godt miljøvern. Når vi vernar ved å bruke, skapar vi nye verdiar. For at eigarane skal makte og fortsatt vera villige til å bruke så store ressursar på kulturminnevernet, er det avgjerande at storsamfunnet bidreg.
På bakgrunn av dette, vil eg uttrykkje full støtte til Kulturvernforbundets skriv til Klima- og miljødepartementet datert den 9. desember. For det fyrste må ein gå vekk frå det foreslåtte kuttet i 2021-budsjettet på 10 millionar kroner. Så må ein heller sørge for at kapittel 1432 post 50 om Norsk Kulturminnefond blir auka til minimum 200 millionar kroner.
Håpar for nasjonen og kulturminnevernet at du og regjeringa ser på dette på nytt, og at dykk sørgjer for at vi dei komande åra får sjå ein kulturmiljøpolitikk i tråd med stortingsmeldingar, forskning og avtaler.