I 2019 arrangerer Norsk Smaksskule si sjuande kursrekkje for skule- og barnehagelærarar. Kva skjer på desse kursa - og kva kostar dei? Vi har samla nokre av dei spørsmåla vi oftast får om Norsk Smaksskule og svara på dei.

Norsk Smaksskule er eit prosjekt i regi av Stiftelsen Norsk Kulturarv i samarbeid med Arne Brimi og fleire andre av Norges fremste kokkar. Vi kursar skule- og barnehagetilsette i korleis dei kan jobbe med barn og unge for å skape positive atferdsendringar knytt til mat og kosthald. Dette innebêr ein del enkle grep ein kan gjera for å motivere barna til å i større grad vera opne for nye smakar. Søknadsskjemaet for kursa til hausten i Bergen, Oslo, Lom og Trondheim ligg no ute, og vi har samla nokre av dei mest vanlege spørsmåla vi får frå potensielle kursdeltakarar for å svare på dei her. 

Kva kostar det å delta på Norsk Smaksskule?

Norsk Smaksskule sine todagars oppstartskurs er gratis å delta på – inklusiv lunsj. Deltakarane må sjølv betale eventuelle reise- og overnattingssutgifter. 

Kven kan delta på Norsk Smaksskule?

Alle tilsette i skule, barnehage og SFO kan delta på Norsk Smaksskule sine gratis kurs.

Kvar blir kursa halde?

Kursa blir halde i Bergen, Oslo, Lom og Trondheim. I Oslo og i Lom er det to kurs.

Kan fleire frå same skule/barnehage delta? 

Ja, det er berre bra om fleire frå same skule/barnehage/SFO deltek på kurset. Dette bidreg til at det blir lettare å kunne tenkje heilskapleg om korleis ein skal jobbe med mat i skulen eller barnehagen.

Kva for oppfølgjing får ein etter ein har vore på kurs?

Etter kurset får ein jamnleg tilsendt forslag til smaksøvingar med påfølgjande oppskrifter ein kan nytte i undervisninga. I tillegg kan ein få besøk av ein kokk i barnehagen eller på eit foreldremøte. Dette er også gratis. 

Må ein vera lærar eller pedagog for å delta på Norsk Smaksskule sine kurs?

Nei, alle tilsette i barnehage, skule eller SFO kan delta på våre kurs. Mange av dei som deltek er assistentar. 

Korleis er Norsk Smaksskule finansiert?

Norsk Smaksskule er stolt av å samarbeide med Sparebankstiftelsen DNB, Gjensidigestiftelsen og Nærings- og Fiskeridepartementet for å bidra til at barn og unge får flest mogleg smaksreferansar i ung alder samt bidra til at barn og unge kan ta gode, kunnskapsbaserte valg knytt til mat og kosthald.