Det var trist og vemodig å høyre at Ellen Bojer Nordstoga – denne viktige stemma
for kulturarven vår – døydde fredag den 16. august, 83 år gamal. Eit engasjement
og ei stemme som ikkje minst vi i Stiftelsen Norsk Kulturarv har hatt så mykje
nytte og glede av.
Ellen vart valgt som varamedlem til styret i Stiftelsen Norsk Kulturarv under årsmøtet i
2009, og kom inn som fast medlem av styret året etter. Der var ho ei kunnskapsrik,
engasjert og uredd stemme fram til ho gjekk ut av styret i 2016. Vi fekk oppleve at Ellen i
sitt virke favna om eit vidt spekter innan kulturarven vår; Mat og matkultur,
bygningsvern, handverk, utdanning, berekraft, folkemusikken, dansen og songen.
Kontakten med oss, og engasjementet rundt det vi driv med vara livet ut. Det er vi så
takknemlege for.


Særleg aktivitetane våre inn mot barn og unge, er noko av det Ellen heile tida har vore
mykje oppteken av. Fyrst og fremst prosjekta våre «Rydd et kulturminne», Norsk
Smaksskule og den vidaregåande utdanninga innan tradisjonshandverka på Hjerleid i
Dovre . Som med smaksskulen vår, foreslo Ellen i si tid at vi burde tilby kurs på Hjerleid
for lærarar innan kunst- og handverk-faget i grunnskulen. Nå er «Sløydskolen» ein
realitet, og ein stor suksess. Ellen sat i styret for Handverksskulen på Dovre som
representant for Stiftelsen Norsk Kulturarv, ein av eigarane av skulen dei siste 20 åra.
Da Norsk Kulturarv vart etablert i 1993 som ein interesseorganisasjon for eigarar av
freda og verneverdige kulturminne, var dette med tanke på dei som ikkje berre ønskjer å
verne, men óg å bruke desse kulturarv-verdiane. Det passa godt for Ellen. Ho har heile
tida vore ei tydeleg røyst for Norsk Kulturarvs visjon om «VERN GJENNOM BRUK». Beste
måten å ta vare på kulturarven vår, det er ved å bruke den. Ellen er eit av dei beste
eksempla på det.
Hausten 2016 vart Ellen tildelt Stiftelsen Norsk Kulturarv si gullnål. Daverande styreleiar
Kirsti Kolle Grøndahl overrakte gullnåla, og framheva Nordstoga sitt breie kunnskaps- og
interesseområde for alle delar av den materielle og immaterielle kulturarven. I tillegg til
å vera mangeårig styremedlem, har Ellen også vore aktiv som næringsmedlem og
innehavar av Det nasjonale kvalitetsmerket Olavsrosa som tidlegare eigar og drivar av
Mjonøy i Vinje. Gjennom tida si i Stiftelsen Norsk Kulturarv har ho vore med og laga
premissane for kvalitetsmerket Olavsrosa, Stiftelsen Norsk Kulturarv si
sertifiseringsordning for kulturarv-opplevingar i Norge. – Eg vart veldig glad og veldig overraska. Eg er veldig stolt over å få gullnåla som eg har sett
på som ein svært høg utmerkelse for kulturarven. Det har vore spennande, inspirerande og
lærerikt å vera ein del av Norsk Kulturarv i så mange år, uttala Ellen etterpå.
Vi vil sakne Ellen. Nå går tankane våre til dei etterlatte, fyrst og fremst til Olav, Aasmund,
Randi, Odd og Gunne.
Vi takkar for engesjementet, for dansen og songen, og lyser fred over Ellen sitt ljose og
gode minne.
STIFTELSEN NORSK KULTURARV
Jørn Holme, Styreleiar og Erik Lillebråten, Direktør

Les også

Olavsrosa tildelt Inderdalen Gård

Inderdalen Gård har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. Inderdalen er den øverste gården i Bryggfjelldalen. Dette er et komplett tunanlegg med eldre bebyggelse. Bruket er eten av de best bevarte fjellgårdene i sitt slag i distriktet. Hovedbygningen og buret...

Olavsrosa tildelt Sjømilitære Samfund

Sjømilitære Samfund har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. (Foto, Sjømilitære Samfund: fra venstre Ina Christine Willie, Torill Thorsen, Stig Thorsen og Christina Maria Bratli) Sjømilitære Samfund har en velbevart hovedbygning i sveitserstil tegnet av arkitekt Henrik Nissen, og er...