Arne Brimi, Einar Risvik og Per Ivar Berget er klare for å ta imot 20 lærarar som kjem på Norsk Smaksskule sit kurs måndag 21. januar. No tilbyr smaksskulen meir kurs enn nokon gong. (Alle foto: Ingrid Blessom / Norsk Smaksskule)

Smaksskule-«veteran»:
Einar Risvik

21.-22. januar går Norsk Smaksskule Volum 2 av stabelen på Brimibue i Lom. Eit nytt fullteikna kurs skal ta for seg smakspreferansar, identitet og terroir. Og kurshaldarane er kjende for dei som har fylgd smaksskulen dei siste åra. Einar Risvik, Arne Brimi og Per Ivar Berget har laga eit heilt eiga opplegg med fokus på mellom anna stadeigne smakar for kursdeltakarane på Norsk Smaksskule Volum 2. Dette konseptet byggjer på større grad av deltaking og involvering, og går enno meir i djubda på arbeidet med smak og matglede. Attendemeldingane etter volum 2-kurset på Ås i 2018 var strålande, og no lovar leiar for Norsk Smaksskule, Tor Valdvik fleire kurs av denne typa. – Vi har opplevd stor pågang til desse kursa og vi har absolutt planar om å både halde fram med og vidareutvikle volum 2-konseptet, seier Valdvik. Det ser såleis ut til å vera enno  meir å glede seg til for lærarar og barnehagelærarar landet over.

Les meir om Norsk Smaksskule Volum 2 her.

 

Les også

Olavsrosa tildelt Inderdalen Gård

Inderdalen Gård har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. Inderdalen er den øverste gården i Bryggfjelldalen. Dette er et komplett tunanlegg med eldre bebyggelse. Bruket er eten av de best bevarte fjellgårdene i sitt slag i distriktet. Hovedbygningen og buret...

Olavsrosa tildelt Sjømilitære Samfund

Sjømilitære Samfund har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke Olavsrosa. (Foto, Sjømilitære Samfund: fra venstre Ina Christine Willie, Torill Thorsen, Stig Thorsen og Christina Maria Bratli) Sjømilitære Samfund har en velbevart hovedbygning i sveitserstil tegnet av arkitekt Henrik Nissen, og er...