
Jubelen i taket når Gjensidigestiftelsen gjev kr 2,8 millionar til Norsk Smaksskule si forsterka forhaldssatsing.
I vår lanserte Gjensidigestiftelsen si nye storsatsing på kosthald og ernæring blant barn og unge. No har Gjensidigestiftelsen løyva 2,8 millionar til Norsk Smakssule si forsterka kosthaldssatsing fram mot 2020. – Dette gjev oss styrke til å vekse også framover og skape enno meir matglede og atferdsendring også i åra framover, seier leiar for Norsk Smaksskule, Tor Valdvik. Gåvemidlane gjer det mogleg for smaksskulen å tilsetja ein kokk og Valdvik fortel at målet er å få han på plass før utgangen av året.
Norsk Smaksskule feirar i år fem år. Sidan starten har smaksskulen kursa skule- og barnehagetilsette i korleis ein skal arbeide med barn og unge for å skape positive, varige atferdsendringar knytt til kosthald og ernæring gjennom arbeid med smak. Opplegget er landsomfattande og Norsk Smaksskule har ved fleire høve fått merksemd også internasjonalt. I 2015 var Norsk Smaksskule invitert til Universitetet i Aalborg til å fortelja om sine erfaringar og tidlegare i haust var dei av innleiarane til Sapere Symposium 2017 i Lyon, Frankrike.

(FOTO: Gjensidigestiftelsen)
– Gjensidigestiftelsen arbeidar for å skape eit tryggare, sunnare og meir aktivt samfunn. Difor ønskjer vi å styrkje kompetansearbeidet som gjerast ovanfor barn og tilsette i barnehagar, skole og SFO med tanke på måltidsglede. Vi trur det er viktig å styrkje barns kunnskap kring dette temaet, sidan vi ser at det er viktig å starte tidleg når det kjem til kunnskap om mat og ernæring, fortel Ingrid Tollånes, leiar for samfunn og gåve i Gjensidigestiftelsen.
Fakta om Norsk Smaksskule: Norsk Smaksskule er eit prosjekt i regi Stiftelsen Norsk Kulturarv i samarbeid med Arne Brimi, Einar Risvik frå NOFIMA og fleire av Norges beste kokkar. Målet til smaksskulen er at barn og unge skal få flest mogleg smaksreferansar i ung alder og på denne måten skape positive atferdsendringar knytt til kosthald hjå den oppveksande generasjon. Norsk Smaksskule har tidlegare vore støtta av Sparebankstiftelsen DNB som har gjeve fleirfaldige millionar til prosjektet. Gjensidigestiftelsen har også tidlegare støtta smaksskulens arbeid. |
Fakta om Gjensidigestiftelsen: Gjensidigestiftelsen er Norges største stiftelse, og er ein viktig bidragsyter til samfunnsnyttige formål. Hovudformålet til stiftelsen er å støtte tiltak innan tryggleik og helse. Les meir her. |