Under Norsk Kulturarv sitt besøk til Kåfjord i Troms denne veka signerte ordførar, Svein O. Leiros og Tor Valdvik frå Norsk Kulturarv avtale som gjer Kåfjord kommune til ein del av "dugnadslaget for kulturarven".

Førre veka var ei av dei store sakene i kulturminne-Norge at ordføraren i Kåfjord, Svein O. Leiros tok initiativ til ein nasjonal dugnad for å rive gamle fjøs i

Ivrige kulturminneforvaltarar: Jante Kjønnerød og Svein Erik 
Andersen har invester mykje tid og pengar i å renovere vakre
Edmundsgård i Kåfjord. Vert låven neste prosjekt? 
(Foto: Norsk Kulturarv)

kommuna. Mange bønder i Kåfjord har fjøs, låvar og naust med stort vedlikehaldsetterslep. I kjølvatnet av denne saka som NRK laga, avbraut direktøren i Kulturminnefondet, Simen Bjørgen, ferien sin og bestilte flybillettar nordover med sikte på å informere om moglegheitene for å hente tilskot til restaurering av gamle hus. Det finst gode moglegheiter for å søkje tilskot til å redde kulturminner. Både Kulturminnefondet, Riksantikvaren, Fortidsminneforeininga og Norsk Kulturarv har søtteordningar for å redde kulturminne. 

– Ei enkel avgjerd å fatte

Norsk Kulturarv fatta også interesse for saka frå Kåfjord og vart med Kulturminnefondet nordover. Etter å ha nytta heile tysdag og onsdag denne veka til å ta med Norsk Kulturarv og Kulturminnefondet på befaringar i sin vakre kommune bestemte ordførar, Svein O. Leiros seg for at han ønskja at kommuna hans skulle verta ein del av Norsk Kulturarv sitt kommunenettverk, som teller over 100 medlemmer. – Det var ei enkel avgjerd å fatte, da Norsk Kulturarv sin visjon om «vern gjennom bruk» er samanfallande med korleis vi ønskjer å

Befaring i det gamle naustet til Per Larsen (t.v) saman med
direktør i Kulturminnefondet, Simen Bjørgen og ordførar i
Kåfjord kommune, Svein O. Leiros. Båten til høgre er over
100 år gammal. (Foto: Norsk Kulturarv)

forvalte viktige kulturskattar i vår kommune, sa Svein O. Leiros i samband med signeringa. Dermed vart Norsk Kulturarv sitt kommunenettverk, «Dugnadslaget for kulturarven» vart ei kommune rikare denne veka. I tillegg har Leiros sitt PR-stunt frå førre vekke skapt merksemd landet over. – I etterkant av oppslaget i NRK fekk mange attendemeldingar frå medlemmer og folk som følgjer oss i sosiale media som ønskja at Norsk Kulturarv, som ein nasjonal organisasjon for eigarar av freda og verneverdige kulturminne, skulle bidra til å redde viktige kulturminner i regionen, sa Tor Valdvik. – Dette håpar vi no vi skal klare å vera ein bidragsytar til. 

Godt besøkt folkemøte

Tysdag kveld var det også eit svært godt besøkt folkemøte på kommunehuset i Kåfjord. Opp mot 30 eigarar trassa sommarvarmen og møtte opp på informasjonsmøte i regi av Kåfjord kommune, Kulturminnefondet, Norsk Kulturarv og Fortidsminneforeningen. Eigarane synte stor interesse under møtet og i etterkant av møtet slo direktør i Kulturminnefondet, Simen Bjørgen fast at dette var av dei mest interessante møta han hadde vore på med eigarar. – Interessa og entusiasma både kommunen og eigarane i Kåfjord legg for dagen er svært imponerande og inspirerande, sa Bjørgen.

Besøket har også vore omtala i NRK Troms.(Klikkbar lenkje)

Godt besøkt folkemøte i Kåfjord. (Foto: Kulturminnefondet)