Jostein Sande (født 1953) er innvalgt som 2. varamedlem til styret i Stiftelsen Norsk Kulturarv. Han er fødd og oppvaksen i Sunndal, og endte opp med det han beskriv som ”ei brattlendt odelsjente” på Sunnmøre.

Sande og kona Åshild Dale har dreve aktiv setring med geitmjølk-produksjon på Herdalssetra i Møre og Romsdal sidan 1983, ei drift der garden Dale og Herdalssetra saman byr på både produksjon av mat og opplevings- og aktivitetstilbod. Dei starta med 35 geiter og 24 dekar jord på bruket i Norddal. I dag har dei 150 mjølkegeiter og leverar ca 100 tonn mjølk i året. Åshild Dale og Jostein Sande har vore – og er – engasjert i mangt og mykje også utanom gard og seter.

Sande har vore tillitsvald i Tine, ordførar i Felleskjøpet på Møre i 9 år, og tillitsvald i Nortura mm. Han har vore politisk aktiv i mange år som representant for Senterpariet  (kommunestyre mm). Dale og Sande har vore av Norges mest aktive kunnskapsformidlarar om seterkulturen, og Jostein Sande har heilt sidan starten vore aktiv i utviklinga av organisasjonen Norsk Seterkultur. Han var styreleiar for organisasjonen i 7 år, pluss redaktør for «Seterbrukaren» og www.seterkultur.no i ca 20 år. Gjennom dette store engasjementet, var han initiativtakar til å søkje UNESCO-status for seterkulturen. Han er styrleiar i Stiftinga Norddal Prestegard og i Eidsdal og Norddal Sau & Geit. Åshild Dale og Jostein Sande har vore vertskap for mange utvekslingsstudentar frå Afrika, Asia og Latin-Amerika gjennom Utviklingsfondets program «Exchange for sustainable development». Opplevingstilbodet Åshild Dale og Jostein Sande har utvikla på Herdalssetra – med utgangspunkt i dei gamle seterhusa der – er tildelt Det nasjonale kvalitetsmerket Olavsrosa. Med sine om lag 35 små og store hus – samla i ei tett klynge – er Herdalssetra ein svært særmerkt seterstøl. I løpet av 2019 hadde dei heile 14 000 gjestar på gard og seter.

Les også

100 millioner til kirkebevaring

(Tekst: Bygg og Bevar, Foto: Marlen Langeland Hagen, Bygg og Bevar) Regjeringen har en ambisjon om at man raskt skal komme i gang med bevaringsarbeidet på kirkene. Derfor er det nå bevilget 100 millioner i reviderte nasjonalbudsjett til kirkene. Bevilgningene...

Else «Sprossa» Rønnevig hedres med europeisk kulturminnepris

Else «Sprossa» Rønnevig fra Lillesand er tildelt prestisjeprisen De europeiske kulturminneprisene / Europa Nostra Awards 2024 i kategorien Heritage Champions. Prisen vinner hun for sin mangeårige innsats for norsk og europeisk kulturarv.  (Foto: Eva Kylland) I over femti år har...

Program for Norsk Kulturarv`s årsmøte 2024

Nå er programmet for Norsk Kulturarv`s årsmøte i Hardanger klart. Lenke til program og påmelding ligger under her. Har du lyst til å delta på årsmøtet digitalt? Da kan du sende en epost til post@kulturarv.no og melde deg på der....