
Det var så trist, vemodig og så uventa å få beskjed om at Jens Peter Ringstad hadde gått bort – denne kunnskapsrike, engasjert og dyktige karen som ikkje minst vi i Norsk Kulturarv har hatt så mykje nytte og glede av. Han var så hyggeleg, god og lett å bli glad i. Han hadde den sjeldne evnen til å vera både kunnskapsrik, prinsipiell og rasjonell på same tid. Stod på sitt når det var nødvendig, men var også smidig når omstendigheitene krevde det – dog aldri på akkord.
I heile sitt yrkesaktive liv – 42 år i alt – var Jens Peter Ringstad «tro» mot kulturminnevernet i Møre og Romsdal. Fyrst 5 år som kulturvernkonsulent, så 29 år som fylkeskonservator og 8 år som arkitekt – inntil han i 2018 gjekk av med pensjon.
Like trufast som mot kulturminnevernet på heimtraktene, var Ringstad mot Stiftelsen Norsk Kulturarv. Organisasjonen vår vart stifta i 1993, og allereie etter 3 år vart Jens Peter sentral i arbeidet vårt; Fyrst som styremedlem frå 1996 til 2009, og – delvis overlappande – som ledar i Fagrådet frå 2005 til 2020.
Da Norsk Kulturarv vart etablert i 1993 som ein interesseorganisasjon for eigarar av freda og verneverdige kulturminne, var dette med tanke på dei som ikkje berre ønskjer å verne, men óg å bruke verdiane. Som bustad eller som utgangspunkt for næringsvirksomheit. Jens Peter har heile tida vore ei tydeleg røst for Norsk Kulturarvs visjon om «VERN GJENNOM BRUK», og har synt stor integritet og meningars mot med god balanse mellom det ideelle og det moglege. Ein sterk, fagleg befesta pragmatisme, må ein kunna seia.
Gjennom engasjementet sitt i styre og fagråd har han bidrege sterkt til å gjera Det nasjonale kvalitetsmerket Olavsrosa til det det skal vera; Rett og slett eit nasjonalt kvalitetsmerke.
Den 14. oktober 2021 var ein stor og viktig dag. Endeleg kunne Norsk Kulturarv dele ut stiftelsens ærespris til Jens Peter Ringstad. Den fine kvelden med Jens Peter på Granavollen den hausten var så viktig, og eit flott minne om ein bauta for kulturarven i Norge. Begrunnelsen til styret, var at «arkitekt Jens Peter Ringstad tildeles Norsk Kulturarv sin ærespris for lang og avgjørende innsats for kulturminnevernet både i Møre og Romsdal fylkeskommune og i Norsk Kulturarv. Vi takker for stor innsats for Norsk Kulturarv, både som styremedlem i 14 år og som leder i fagrådet i 16 år.»
Alle vil sakne Jens Peter djupt og lenge. Tankane våre nå går fyrst og fremst til hans kjære ektefelle Solveig, til Sigurd, Ane Marte, Peter, Une, Henni og Agnes, og til den øvrige familien. Minnene om Jens Peter vil for alltid vera ein inspirasjon for oss andre, til å verne det vakre og umistelege i kulturarven vår til alle dei som kjem etter oss i generasjon etter generasjon.
STIFTELSEN NORSK KULTURARV
Jørn Holme, styreleiar
Erik Lillebråten, direktør