Aldri tidlegare har det kome fleire søknader til Norsk Kultur-minnefond. Private eigarar har aldri synt større vilje til å gjennomføre reparasjon og istand-setjing.

Styret i kulturminnefondet ser med aukande uro på at mange støtteverdige prosjekt må gjevast avslag på grunn av tronge økonomiske rammer, trass i dei nasjonale målsettingane Stortinget har vedtatt om å minimere bortfallet av verneverdige kulturminne.

Vi bør verdsetja dei mange private eigarane som vil ta vare på kulturminna, dei som vil ta med seg ein bit av fortida inn i framtida. I vår tid maktar vi knappast å forstå kva vi mistar. Framtida vil takka for kvart einaste kulturminne vi tek vare på.

Det kom i år inn 782 søknader innan fristen om i alt 234 millionar til istandsetjing av kulturminne over heile landet. Vi har 68 millionar kroner til fordeling. I fjor kom det inn 749 søknader, mot 630 i 2013. Talet på søknader til kulturminnefondet har aldri vore større, og har auka monaleg år for år. Styret delegerte til direktøren å fatte vedtak i søknader for beløp under kr 100 000. I alt er det 213 søknader som er handsama etter delegert fullmakt.

Det er også etablert nye ordningar der det er mogleg å søke fortløpande støtte til skadeførebyggande tiltak og støtte til fag- og handverksseminar. Desse ordningane syner ei god utvikling, og er i ferd med å bli kjent blant eigarane. Vi reknar såleis med at fondet vil handsama om lag 1000 søknader i 2015, eit historisk høgt søknadstal for ein liten administrasjon.

Kulturminnefondet fekk ein auke i ramma over statsbudsjettet for 2015, men det er likevel grunn til å merka seg at gapet mellom søknadsbeløp og det fondet har til fordeling, framleis er stor. Det har difor skjedd eit tøff prioritering, der mange gode prosjekt ikkje vert tildelt støtte på grunn av manglande ressursar. Dette i ein situasjon der Stortinget har vedtatt som nasjonalt mål at tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast. Fondet melder inn auka behov for ressursar i alle samanhengar der det er mogleg. Når vi ser på intensjonane for etableringa av kulturminnefondet, vart det i NOU 2002:1 peikt på at det årlege behovet var ei ramme på minst kr 100 mill. Det har nå gått 13 år, og behovet er større enn nokon gong. Interesse for bevaring har auka, medan kostnadene har auka. Alt dette, i tillegg til den store søknadsveksten, peikar eigentleg på at behovet idag er betydeleg høgare enn i 2002.

Stallen på Kalven seter i Vågå før og etter restaurering

Arbeidet med å fornya, forbetra og forenkla tilskotsordninga har skarpt fokus hjå oss. Norsk Kulturminnefond skal vera eit lågterskeltilbod for private eigarar av verneverdige kulturminne. Rolla til fondet er unik innan kulturminnefeltet, og Noreg er åleine i Europa om å ha eit statleg kulturminnefond med midlar til private eigarar. I dag er samarbeid med eigarane den viktigaste strategien fondet har for å nå målet om å minimera bortfallet av verneverdige kulturminne. Brukarundersøkinga i 2014 viser at 83 % av alle søkjarane er tilfreds med kontakten med kulturminnefondet, og meiner den faglege oppfølginga av prosjekta er svært viktig. Eigarane seier at fire av fem prosjekt som har fått midlar, ikkje ville ha vorte realisert utan støtta frå fondet. Ein kan etter dette grovt sett rekna med at 2000 prosjekt ikkje hadde vorte gjennomført utan hjelp frå kulturminnefondet.

Dersom Stortinget hadde løyvd 234 millionar til Norsk Kulturminnefond, ville private eigarar i medhald av innsende søknader stilt opp med ein halv milliard i tillegg til dugnadsinnsats for å oppfylle det nasjonale målet. Av desse midlane ville storparten ha gått attende til statskassa i form av moms og andre avgifter på tenester og varekjøp. Dette ville for Stortinget i røynda ha finansiert seg sjølv.

Når vi ser på kor store private midlar dei statlege pengane frå fondet løyser ut, er det grunn til å bli imponert. I eit gjennomsnittleg prosjekt kjem 28 % av midlane frå Staten gjennom kulturminnefondet. 72 % av det som skal til for å setja objektet i stand, kjem frå eigaren sjølv i form av eigne midlar eller eigen innsats i prosjektet. Vidare kan det vera økonomisk støtte frå fylkeskommunen eller kommunen, ofte med SMIL-midlar. Og erfaringane viser vidare at det i praksis ofte vert enklare for eigaren å skaffa midlar frå andre private finansieringskjelder, når fondet fyrst har sagt ja til prosjektet.

Tida er overmoden for eit politisk taktskifte når det gjeld statlege løyvingar til bevaring av kulturminna våre. Vi bør ta oss råd til ein langt større innsats på dette området. Kulturminnefondet har utvikla seg til å bli eit effektiv og kompetent verktøy for å nå dei nasjonale målsetjingane.

Norsk kulturminnefond er eit statlig forvaltningsorgan under Klima- og miljødepartementet med formål å styrke arbeidet med å ta vare på verneverdige kulturminne, og bidra til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Sidan starten i 2003 har kulturminnefondet delt ut nærmare 500 millionar kroner i tilskot til bevaring av verneverdige kulturminne i Noreg.

Les også

Kulturarven nr.95

Kulturarven nr.95 vil komme i postkassen til våre medlemmer i første halvdel av juni. Her er det mye fint lesestoff. Det er bare å glede seg.

Norsk Kulturarv`s årsmøte 2023 digitalt

Har du lyst til å delta på årsmøtet vårt digitalt i år? Da har du mulighet til å delta via Teams. Årsmøtet er onsdag 14.juni kl 18.00. Det fysiske møtet er i Risør. For å melde deg på så sender...

Utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård

Onsdag denne veka var det endeleg klart for utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård. På grunn av pandemien har dette vore utsett lenge. Nestleder i Norsk Kulturarv`s styre, Randi Bårtvedt delte ut kvalitetsmerket til dem. Det var storslått feiring og et...