I 1983 fekk Jæren eit nytt kultursenter, Hå gamle prestegard. Men det var ingen sjølvsagt ting. Det kunne like gjerne ha gått gale. Mange meinte: «Riv driden!».

Av Jarle Braut

I 1977 fekk dåverande eigar løyve til å byggja nytt våningshus, framføre den gamle prestebustaden. Men då grunnarbeidet var godt i gang, kom reaksjonane. Fleire såg at det gamle prestegardhuset ikkje burde jamnast med jorda.Med knappast fleirtal kjøpte kommunen prestebustaden og tunet på 8 da. med to driftsbygningar. Arbeidet tok til og vart leia av sivilarkitekt Per Line (1936 -1997) og vart eit av hovudverka hans: «Særpreget blir bevart, og det nye underordner seg naturen med havet og himmelen og steingardene, men – som vi senere får se – tillater han seg også å være nyskapende i sitt arkitektarbeid på det gamle ærverdige stedet» (Jan Carlsen, Årbok for Jærmuseet 1997)

Når ein skal fortelja om Hå, så må ein begynna med perleprestane. Perler var høgste mote i Europa i fleire hundre år. I 1637 kom det kongebrev frå København. Jærperlene i Håelva skulle sendast til Kongen som tilsette perleinspektørar som igjen måtte betala perlefiskarane. Det å vera perlefiskar ga visse fordeler som fritak frå militærteneste. Men freistinga til å «gøyma» vekk litt av fangsten kunne vera farleg. Det kunne enda opp med tvistemål og rettssak.Tre kongar besøkte Hå prestegard dei neste hundre åra:Kong Christian V i 1685, kong Fredrik IV i 1704, og kong Christian VI og dronning Sophie Magdalene i 1733 som med kongeleg dekret fekk retten til dei norske ferskvassperlene. Så kan ein spørja seg: kor vart alle perlene av? På Rosenborg slott blant kronjuvelane, kan ein sjå norske perlesmykke, men kva perler som kjem frå Håelva, veit ingen. Det gjeld og den norske arvefyrstekrona frå 1846 som har innfatning av norske ferskvassperler. Vakre er dei uansett. 

Hå gamle prestegard ligg nær havet. Det er berre rullesteinane og ei brei steinrind som skil tunet frå det opne havet. Det fortel mykje at då soknepresten på 1700-talet skifta ut vindauga i stovehuset , vart det og sett føre lemmar på vestsida, slik at sjøfarande ikkje skulle forvillast av lyset frå stovene i prestegarden. Huset brann ned i 1787 og vart truleg bygt opp igjen på dei gamle murane til prestegardsbygningen som var 17,5 meter lang og 9 meter breide med tilbygg for «Pigernes Kammer» og «Tjenerens Stue». Prestegardstunet og bygningane ruva  godt i jærlandskapet. Etter jærsk målestokk var Hå ein storgard på 240 mål dyrka mark og 400 mål utmark. Garden hadde på sitt meste 20-30 kyr, 7 hestar, sau og gris. 

Gjetorda om Hå er gamle og eventyrlege. Det skuldast nok ikkje presteskryt, men meir krangel om fiskerettar og kor stor verdi dette utgjorde. Laksefisket vart eit slags privilegium for prestane i Hå. Om somrane vart det drive storstilt laksefiske med nøter og to laksedrengjer. Inntekter frå brenning av tang og tare, utleige av fiskerettar til engelske lakselordar, ga kjærkomne inntekter. Prestegarden hadde og rettar til drivgods frå havet. Perlefisket vart i dei seinare åra ikkje like påakta som før. Prestefamiliane var jamt over store og det var mange rundt matbordet. Sommarstid kom mange gjester på besøk og andre prestefamiliar kunne bu her i vekevis. Prestegarden var den faste møtestaden i prestegjeldet, både på det kyrkjelege og politiske område og eit naturleg kultursenter i bygda. Eit stort og kaldt hus med 11 omnar som vart fyrte med torv. Torvskjæring vart ei eiga vinna som kom etter slåtten og vart etter kvart pålagt forpaktaren.

Hå må ha vore ein triveleg og spennande plass å veksa opp, i barskt klima og med storhavet som næraste nabo. Prestesonen Dancert Krohn-Holm, som vaks opp her ved førre hundreårsskiftet, skriv: ..i disse primitive forhold fantes gode muligheter for de foreldre som kunne oppdra sin oftest store barneflokk under beskjedne kår til nyttige og virksomme mennesker med større krav til seg selv enn andre, og med et lyst livssyn i felles hjemmehygge under mørketiden i de lange vinterkvelder».

John Landstad, barnebarn av salmediktaren frå Kviteseid, vaks opp her. Då han som ung mann segla i sjølvlaga segldukskajakk og gjekk i land nedanfor prestegarden, vart han kjent og seinare gift med prestedottera Cecilie.  Han har teke mange bilete og dokumentert kvardag og fest, slik som «Francaice paa stranden» Kona til presten Jonas Dahl spela fiolin til dansen. Prestekona på Hå var og kjend for sin gode stikkelsbærvin…

Men tidene skifta. Sjølv om garden var stor og hadde rettar til laksefiske, var ikkje alle prestar og forpaktarar like flinke gardbrukarar. Storheitstida tok slutt. Kostnadane til vedlikehald og drift vart for store og i 1921 bestemte staten seg for å selja prestegarden. Det vart begynnelsen på forfallet.

Etter eit år med planlegging, begynte restaureringa i 1979. Utvendig skulle bygningen førast tilbake til 1850. Handlaga panner frå distriktet vart lagde på igjen og sikra. Det vart gjort tidsmessige krav til isolering, kjøkken og våtrom. Inne gjendikta arkitekten interiøret. Det skulle vera enkle, vakre og funksjonelle ting, kvalitetar som før hadde fylgt prestegarden. Lampar og møbler fekk eit moderne og stilfult uttrykk. Seinare har delar av dette vorte noko endra, alt etter behov og smak.

Obrestad fyr

I 2006 kjøpte Hå kommune Obrestad fyr, bygt i 1873 av Kystverket og er nå ein del av Hå Gamle prestegard. Fyret er museum og krigsminne.  Som ein kuriositet, finns det veggmalerier i kjellaren av lettkledde Hawaiijenter. Ein tysk soldat laga dette då han gjorde krigsteneste her og vart etter 50 år invitert tilbake og fekk sjå igjen kunstverket sitt.

Suksessen Hå gamle prestegard

Hå er i dag eit av galleria i offentleg eige som har høgast omsetning av kunst i landet og er med 50 000 besøkjande, ein av kulturinstitusjonane i fylket som trekkjer mest folk. På nordsida ligg strandgravrøysene. Her kan ein oppleva fleire tusen år gamal busetjing frå steinalderen.To av desse er stjerneforma og er knytta til livstreet Yggdrasil.  Like ved renn Håelva og ein ser over til Håvågen og mot aust lakseslottet der engelskmennene heldt til i. Alt dette har sin eigen historie knytta til prestegarden. 

I 1985 vart eit gamalt jærhus flytta til prestegarden og sett opp der forpaktarbustaden tidlegare stod. Med dette fekk tunet tilbake si opprinnelege tunform. Jærhuset er nå ein del av adminstrasjonen og husar i kjellaren steinalderutstillinga SPOR. Forfattaren Alfred Hauge ga boksamlinga si på 8000 band til Hå kommune. Denne boksamlinga er nå her.

Prestegarden har blitt ein suksess og fått tilbake sin karakter og verdighet. Hå har vorte ein tradisjonsrik møtestad på Jæren. Her drikk folk kaffi og samlast til godt drøs, ser kunstutstillingar, faste og skiftande. På sommarstid kan ein sjå storfe og sauer gå på skrint beite mellom rullesteinane. Med havutsikt, steingardar og fin hage som rame rundt tunet, glir prestegarden naturleg inn i landskapet og byr på opplevingar inne som ute.  Me er heldige som har Hå og her har flinke folk til å formidla og levandegjera kunst og kultur på ein slik måte at det vedgår oss. Det gjer at me kjem tilbake «te Hå» igjen og igjen. Det er stor kunst i seg sjølv.

 

 

 

 

 

 

 

Les også

Kulturarven nr.95

Kulturarven nr.95 vil komme i postkassen til våre medlemmer i første halvdel av juni. Her er det mye fint lesestoff. Det er bare å glede seg.

Norsk Kulturarv`s årsmøte 2023 digitalt

Har du lyst til å delta på årsmøtet vårt digitalt i år? Da har du mulighet til å delta via Teams. Årsmøtet er onsdag 14.juni kl 18.00. Det fysiske møtet er i Risør. For å melde deg på så sender...

Utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård

Onsdag denne veka var det endeleg klart for utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård. På grunn av pandemien har dette vore utsett lenge. Nestleder i Norsk Kulturarv`s styre, Randi Bårtvedt delte ut kvalitetsmerket til dem. Det var storslått feiring og et...