Opning av utstillinga « Ungdommens matfat i Innlandet» vart ein stor dag for Norsk Smaksskule, for ungdommar og lærarar som har vore med på prosjektet og sist men ikkje minst Maihaugen. Utstillinga er ein del av Maihaugen si utstilling «Mat-mer enn et måltid». (Foto: Lene Grothe)

Det er flott at Maihaugen prioriterer maten i hjarta av verksemda si. Under opning av utstillingane vart vi vitne til at maten har ei samlande kraft. Sjeldan har Maihaugen sett så mykje publikum på opning av ei utstilling før.  

Det er mange parallellar mellom mat og museer. Eit museum skal vera limet som knyter folk, tider og stader saman. Det same gjeld også for mat. Målsetninga har vore å inkludere heile befolkninga i museets salar. Ein fruktbar inngang til å realisere slike forventningar kan vera via mat. Mat er noko høgst materielt, så under opning av utstillinga kunne ikkje museet vera staden for berre ein sans. Her måtte det spelast på fleire sansar. Det visuelle, lukt og smak stod i høgsetet. Sentralt i dette arbeidet stod kokkekampvinnarane Vang barne- og ungdomsskule, som saman med kokk Rune Sandø serverte smakar til publikum. Folket storkosa seg og elevane fekk med seg mange rosande ord.

Ta turen til Maihaugen og opplev utstillingane.

Les også

Olavsrosa tildelt Ivaregga

Ivaregga har blitt tildelt Norsk Kulturarv`s kvalitetsmerke, Olavsrosa. Den ble utdelt av Erik Lillebråten, direktør i Norsk Kulturarv. Fagrådet i Norsk Kulturarv si vurdering: Plassen har kulturhistorisk verdi knyttet til Røros kobberverk, som betydde mye for utviklingen av Tolga. Bygningene...

Olavsrosa tildelt Børkjens gård

For 20 år siden ble Jarle og Marit Tveit gårdeiere i Hamrabø i Suldal. Børkjenes gård med sine 40 tilhørende bygninger har gitt den tidligere regnskapsføreren og kona nok å henge fingrene i. Tidlig i sommer mottok de Olavsrosa som...

Utdeling av den nasjonale kulturlandskapsprisen 2023 til Skjolden Beitelag

Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2023 er i dag 23.08.2023 tildelt Skjolden beitelag for deira arbeid og engasjement for kulturlandskapet i Mørkridsdalen.Mørkridsdalen landskapsvernområde (LVO) vart oppretta 7. august 2009 samstundes med Breheimen nasjonalpark. LVO grensar til nasjonalparken, og er ein viktig innfallsport...