Eit offentleg utval nedsett av regjeringa vil rive det dei kallar "spøkelseshus" i distrikta for å gjera distrikta meir attraktive. - Hjelp folk å redde husa istaden, seier direktør i Norsk Kulturarv. (Foto: Skjermdump NRK)

– Slum er eit omgrep ein ofte knyter til urbane strøk, men det vi ser nå er at det stort sett skjer på bygda, seier Kristian Aasbrenn i eit intervju med NRK. 

På NRK Innlandets distriktssending måndag 18. januar reagerar direktør i Erik Lillebråten sterkt på forslaget frå det offentlege utvalet. – Ei av dei største utfordringane ein kan ha i bygningsvernet, til dømes i ein region som Innlandet, er at ein kan ha ein professor på Høgskulen som kan meine noko slikt, sa Lillebråten. – Eg får dårleg samvit for alle dei eigarane som nyttar alt dei har av ressursar og meir til på å halde ved like bygningsarven vår, også blir det dei gjer beskrive som slumområde, det er ikkje noko godt.

Norsk Kultuarv syner til eit medieoppslag for nokre år sidan med dåvêrande ordførar i Kåfjord, Svein O. Leiros som tok til orde for å rive falleferdige hus som sto og råtnet ned. Den gongen gjekk Kulturminnefondet, Norsk Kulturarv, og Fortidsminneforeininga saman og inviterte til møte for eigarar og informerte om støtteordningar for helle å redde bygningane som sto og forfall. Dette endte med at mange av bygningane som forfall i området heller søkte og fekk støtte til å redde bygga. 

– Vi hadde eit tilsvarande døme i Nord-Norge der same problemstillinga vart reisa – tilskott til å rive – men da dei eigarane vart gjort merksame på at finst tilskott for å halde ved like og stelle så fann dei ut at det var ei langt betre løysing, avslutta direktør Lillebråten.

Sjå innslaget frå NRK Innlandet i sin heilskap her. 

Les også

Kulturarven nr.95

Kulturarven nr.95 vil komme i postkassen til våre medlemmer i første halvdel av juni. Her er det mye fint lesestoff. Det er bare å glede seg.

Norsk Kulturarv`s årsmøte 2023 digitalt

Har du lyst til å delta på årsmøtet vårt digitalt i år? Da har du mulighet til å delta via Teams. Årsmøtet er onsdag 14.juni kl 18.00. Det fysiske møtet er i Risør. For å melde deg på så sender...

Utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård

Onsdag denne veka var det endeleg klart for utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård. På grunn av pandemien har dette vore utsett lenge. Nestleder i Norsk Kulturarv`s styre, Randi Bårtvedt delte ut kvalitetsmerket til dem. Det var storslått feiring og et...