Innan det frivillige kulturvernet, teller Kulturvernforbundet 29 medlemsorganisasjonar, med meir enn 250 000 medlemmar. Ein kvart million eldsjeler som ivrar for å ta vare på den materielle og immaterielle kulturarven vår – Organisasjonar som tek vare på verneverdige fartøy, bygningar, samferdselsanlegg, veterantog og veteranbilar og kulturlandskap. Eller handverk, lokale mattradisjonar, folkedans og språk. (Befaring på husmannsplassen Karusbakken i Vågå – Frivillige og næringsaktørar bidreg til ivaretaking av kulturarven. Fotograf: Kjell Nyhus)

Av Erik Lillebråten, direktør i Stiftelsen Norsk Kulturarv

Statistisk Sentralbyrå (SSB) har anslått verdien av den totale frivillige innsatsen i Norge til 74 milliardar kroner i året. Halvparten av dette innan kultur og fritid. Den lønna sysselsettinga i organisasjonane tilsvara i overkant av 87 200 årsverk. Ulønna innsats er berekna til nesten 147 800 årsverk. Tal frå Norges Kulturvernforbund syner at frivillige i forbundets medlemsorganisasjonar årleg bidreg med om lag 6 millionar dugnadstimar gjennom arbeid med å dokumentere, vedlikehalde, formidle og vidareføre kompetanse om kulturarven. Denne innsatsen er anslått til å vera verdt ca 2 milliardar kroner.

«Faro-konvensjonen», Europarådets ramekonvensjon frå 2005, slår fast at vi alle har rett til kulturarv. Rett til å tolke vår eigen historie og kulturminna våre. Den slår fast at kulturminna sin rolle i samfunnet er viktig, ikkje minst for menneskerettar og demokrati. Eitt av hovedmåla i stortingsmeldinga «Nye mål i kulturmiljøpolitikken / Kulturmiljømeldingen», er at alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø. Eigarar og frivillige har eit sterkt engasjement for kulturmiljøa. Medvirkning og tilgjengelegheit er avgjerande for å vekkje viktig engasjement, for å skape inkludering og god folkehelse.

Det er de frivillige som driver nesten alt kulturvernarbeid i Norge, mange uten noen offentlig støtte. Jeg er særlig opptatt av å få styrket rammevilkårene for alt frivillig kulturvernarbeid og få flere unge motivert og engasjert for innsats

Jørn Holme, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv

I Regjeringas «Hurdals-plattform» gjev ein uttrykk for at kulturarven skal løftast fram, og nemner frivillig sektor og frivillig kulturvern som eit satsingsområde. Ein vil leggje til rette for eit kontinuerleg samspel mellom den profesjonelle og frivillige kulturen. Regjeringa lovar at frivillige, landsdekkande kulturvern-organisasjonar skal få grunnstøtte frå staten, at ramebetingelsane for eigarane skal betrast gjennom ein opptrappingsplan for Kulturminnefondet, samt at ein skal greie ut om skatte- og avgiftsinsentiv i kulturminnevernet.

Det er heilt tydeleg at samarbeid og dialog med ulike delar av offentleg forvaltning er viktig. Difor er vi i Norsk Kulturarv enige i og svært glade for Riksantikvarens strategiske satsingar inn mot frivilligheita. Blant anna dette at frivillige organisasjonar og kulturmiljøforvaltninga må bistå kvarandre med å utvikle og dele kompetanse og kunnskap – Like viktig og framtidsretta for alle organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar innan kulturminne-vernet. Ja, av kjempestor interesse for heile storsamfunnet vårt.

Frivillig kulturvern, folkeleg engasjement og grasrotbevegelse må stå i sentrum.

Les også

Dronningen er Æreshåndverker!

HM Dronning Sonja er utnevnt til årets Æreshåndverker av Oslo Håndverks- og industriforening. Dette skriver Kongehuset på sin Facebook-side. I sin begrunnelse for utnevnelsen trakk styreleder Bjørn-Gunnar Eliasen frem Dronningens engasjement for å fornye og ivareta vår felles kulturarv. (Foto:...

Stor gåve til nytt formidlingsprosjekt for «Sprossa»

Saman med Else «Sprossa» Rønnevig søkte Norsk Kulturarv Sparebankstiftelsen DNB om økonomisk støtte for å kunna tilby «Sprossa» sine foredrag og publikasjonar gjennom en turné blant interesserte og relevante aktørar. Total søknadssum frå Sparebankstiftelsen DNB til samarbeidsprosjektet «»Sprossa» har mye...

Ungdommens matfat er sparka i gang!

Norsk Smaksskule har drevet med kurs og aktiviteter knyttet til sensorikk, smak og mat- og måltidskultur i en årrekke. I samarbeid med Maihaugen skal Norsk Smaksskule drifte et kombinert matkultur- og kunstprosjekt sammen med 9. klassene i Innlandet., etter milliongave...