SMIL-ordninga er ei ubyråkratisk og svært effektiv tilskotsordning som utløyser stor eigeninnsats i form av eigne midlar og arbeid. I 2015 blei SMIL-ordninga avgrensa til søkjarar som var berettiga produksjonstilskot. Ei utilsikta følgje av dette var at eigar av landbrukseigedom, som har leigd bort alt areal, ikkje lengre kunne søkje om SMIL-midler.

Stiftelsen Norsk Kulturarv er veldig opptatt av at søkeljoset på og løyvingane til kulturlandskapstiltaka i SMIL-ordninga blir styrka i samband med jordbruksoppgjøra. Saman med Fortidsminneforeningen henvendte vi oss difor til bondeorganisasjonane i april 2015 med henstilling om at dette vart teke med i forhandlingane. Departement og direktorat vart og gjort kjende med synet vårt. Difor er det gledeleg nå å kunna melde at Landbruks- og matdepartementet den 16. desember 2016 fastsatte endringar i «Forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)». Endringane gjeld frå 01.01.2017 og får virkning for eigarar som ikkje driv garden sjølv.
Det er ei forutsetning at det foregår ein produksjon på eiendomen som er berettiga tilskot, og det er kun foretak som kan søkje. Det vil seia at søkjar må ha eit organisasjonsnummer. Fødselsnummer er ikkje tilstrekkeleg.
 

Ordningas formål
Formålet med SMIL-ordninga er blant anna å ivareta natur- og kulturminneverdiene i kulturlandskapet. Sidan ordninga vart innført i 2004 er mange flotte og viktige kulturminne blitt redda frå kritisk forfall. I svært mange tilfelle har tilskotet over ordninga vore heilt avgjerande for eigarane. Bygningane og kulturlandskapsverdiane er viktige ressursar for landbruket samla sett, men òg for kvar enkelt gardbrukar. Særleg er bygningane ein viktig del av ressursgrunnlaget i landbruket, og gjev moglegheiter for «fleire føter å stå på» for brukaren nå og i framtida. Ressursane knytta til ordninga bidreg til viktig verdiskaping, både på gardsbruket og i nærområdet. Størsteparten av midla blir brukte lokalt.
 

Søk SMIL-tilskudd til bevaring av verneverdige bygningar!
Fylkesmannen fordeler midla til kommunane. Kommunens prioritering til ulike formål skal framgå av ein lokal tiltaksstrategi.
For 2017 er det satt av NOK 95 mill. til SMIL. Det er opp til kvar enkelt kommune å fastsetja søknadsfrister for SMIL-ordningen, så dei kan variere, men svært mange benyttar 1. mai og 1. oktober. Meir informasjon om ordninga og søknadsskjema kan hentast på lokale landbrukskontor og i Landbruksdirektoratet.
 

Les også

Kulturarven nr.95

Kulturarven nr.95 vil komme i postkassen til våre medlemmer i første halvdel av juni. Her er det mye fint lesestoff. Det er bare å glede seg.

Norsk Kulturarv`s årsmøte 2023 digitalt

Har du lyst til å delta på årsmøtet vårt digitalt i år? Da har du mulighet til å delta via Teams. Årsmøtet er onsdag 14.juni kl 18.00. Det fysiske møtet er i Risør. For å melde deg på så sender...

Utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård

Onsdag denne veka var det endeleg klart for utdeling av Olavsrosa til Øvre-Eide-Gård. På grunn av pandemien har dette vore utsett lenge. Nestleder i Norsk Kulturarv`s styre, Randi Bårtvedt delte ut kvalitetsmerket til dem. Det var storslått feiring og et...