I vinter har Norsk Kulturarv hatt mange henvendelsar frå medlemmar angåande berekning og utskriving av eigedomsskatt. Vi hadde dette temaet oppe, og kom med uttale frå årsmøtet vårt i 2018.

Eigarane av freda og verneverdige kulturminne tek på seg eit stort ansvar på vegne av og oppdrag frå fellesskapet. Riksantikvaren har i mange år oppmoda kommunar i heile landet til å ikkje eigedomsskattleggje freda hus. Det er imidlertid ikkje forankra i noko lovverk.

Såkalla verneverdige bygningar, utan formelle vernevedtak hamnar ofte i ei gråsone i desse debattane. Det blir opplevd som urettferdig at alder på huset blir lagt til grunn, då alder på huset ikkje naudsynt vis er nokor god rettesnor. I delar av Nord-Norge representerer gjenreisningshusa etter krigen ein viktig del av vår nasjonale historie. I innlandet kan vi finne laftahus datert mange hundre år attende, medan ein langs kysten har færre så gamle hus av naturlege, klimatiske årsaker.

Norsk Kulturarv har ikkje noko meining om det generelle eigedomsskattnivået i Norge, men vi finn det rimleg at eigarar av freda og verneverdige kulturminne får lette i eigedomsskatten, og ba derfor om at eigedomsskattlegging av freda og verneverdige hus blir lagt om. 

Vårt konkrete forslag var følgjande:
1. Alle freda kulturminne må automatisk få fritak for eigedomsskatt.
2. Kulturminne som blir vurderte til å ha ein slik verneverdi at dei blir trekte inn i kommunen sin kulturminneplan, blir friteke frå krav om eigedomsskatt.
 

På vegner av medlemma våre, har vi i Norsk Kulturarv nå engasjert BDO for å sjå på utfordringane rundt dette med eigedomsskatt. Problemstillinga bør blant anna inn i regjeringa sine tiltakspakker i samband med bekjempelsen av corona-viruset som eit viktig økonomisk bidrag til eigarane.

Les også

100 millioner til kirkebevaring

(Tekst: Bygg og Bevar, Foto: Marlen Langeland Hagen, Bygg og Bevar) Regjeringen har en ambisjon om at man raskt skal komme i gang med bevaringsarbeidet på kirkene. Derfor er det nå bevilget 100 millioner i reviderte nasjonalbudsjett til kirkene. Bevilgningene...

Else «Sprossa» Rønnevig hedres med europeisk kulturminnepris

Else «Sprossa» Rønnevig fra Lillesand er tildelt prestisjeprisen De europeiske kulturminneprisene / Europa Nostra Awards 2024 i kategorien Heritage Champions. Prisen vinner hun for sin mangeårige innsats for norsk og europeisk kulturarv.  (Foto: Eva Kylland) I over femti år har...

Program for Norsk Kulturarv`s årsmøte 2024

Nå er programmet for Norsk Kulturarv`s årsmøte i Hardanger klart. Lenke til program og påmelding ligger under her. Har du lyst til å delta på årsmøtet digitalt? Da kan du sende en epost til post@kulturarv.no og melde deg på der....